Allan
mannsnamn
Allan, Alan og Alain er mannsnamn av keltisk opphav. Dei har uviss tyding, men kan vera danna som diminutiv av eit ord som tyder 'stein'. Allan har namnedag i Noreg den 8. september.
Allan og Allen er også vanlege engelske slektsnamn. Skrivemåten Alan for førenamnet er vanlegast i England, medan Allan er vanleg i Skottland og Nord-Amerika. Namnet kan også stavast Ailean på skotsk gælisk, Ailín på irsk og Alun eller Alyn på kymrisk. Al er ei kortform av namnet. Alana og Alanis er nylaga kvinnelege former av namnet.
Namnet er særleg knytt til Bretagne, der fleire adelsmenn og helgenar bar det. Det blei innført til England i tida rundt Vilhelm Erobraren.
Namneberarar
endre- Alan I av Bretagne (d. 907), bretonsk konge
- Alan II av Bretagne (d. 952), bretonsk greve
- Alan III av Bretagne (997–1040), bretonsk greve
- Alan Rufus (fr. Alain le Roux, 'Allan raude', ca. 1040–1089), bretonsk-engelsk jarl
- Alan av Richmond (ca. 1100–1146), bretonsk-engelsk jarl
- Alan IV av Bretagne (br. Alan Fergant, 'Allan den yngre', ca. 1072–1119), bretonsk greve
- Gustaf Allan Pettersson (1911–1980), svensk komponist
- Alan Mathison Turing (1912–1954), britisk matematikar og datavitskapsmann
- Alan Bates (1934–2003), engelsk skodespelar
- Alan Heeger (f. 1936), amerikansk kjemikar og nobelprisvinnar
- Alan Jones (f. 1946), australsk resarbilførar
- Alan Ladd (1913–1964), amerikansk skodespelar
- Alan Shepard (1923–1998) amerikansk astronaut
- Johan Allan Edwall (1924–1997), svensk skodespelar
- Alan MacDiarmid (1927–2007), newzealandsk kjemikar og nobelprisvinnar
- Alan Greenspan (f. 1926), amerikansk sentralbanksjef
- Alan Williams (1930–2014), britisk parlamentsmedlem
- Alain Delon (f. 1935), fransk skodespelar
- Alan Stivell (f. Alan Cochevelou, 1944), fransk bretonsk musikar
- Alan Rickman (1946–2016), engelsk skodespelar
- Alan Parsons (f. 1949), engelsk plateprodusent og artist
- Allan Svensson (f. 1951), svensk skodespelar
- Alain Marie Pascal Prost (f. 1955) er ein tidlegare fransk Formel 1-førar.
- Alan Jackson (f. 1958), amerikansk countrysongar
- Alan Shearer (f. 1970), engelsk fotballspelar
Sjå òg
endreKjelder
endre- Hanks, Patrick; Hardcastle, Kate; Hodges, Flavia (2006), «Alan», A Dictionary of First Names, Oxford University Press