Amerikasandlo

fugleart
Amerikasandlo
Amerikasandlo
Amerikasandlo
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av amerikasandlo
Utbreiinga av amerikasandlo
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Lofamilien Charadriidae
Slekt: Charadrius
Art: Amerikasandlo C. semipalmatus
Vitskapleg namn
Charadrius semipalmatus

Amerikasandlo (Charadrius semipalmatus) er ein vadefugl i lofamilien.

Vaksne fuglar har grå-brun rygg og venger, kvit buk og kvitt bryst med svart nakkeband. Dei har brun isse, kvitt framhovud, og ei svart maske rundt auga og eit kort oransje og svart nebb.

Hekkeområda til fuglen er opne flater på strender og flatar over nordlege Canada og Alaska. Reiret er plassert på bakken i ope lende som er utan eller har svært lite vegetasjon.

Amerikasandlo er ein trekkfugl, og overvintrar i kystområda frå USA til Patagonia. Fuglane er særs sjeldne gjester i Europa, men det finst ikkje nøyaktige data for dei sidan dei er svært like sandlo.

Fuglane livnærer seg av mat dei finn på strendene, som regel utan å grava. Dei et insekt, krepsdyr og makk.

Amerikasandlo liknar på tobeltelo, men er mykje mindre og har berre eitt band.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre