Amerikaskjeggfuglfamilien
Amerikaskjeggfuglfamilien er ein biologisk familie Capitonidae, i ordenen Piciformes, som lever i fuktige skogar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Som andre skjeggfuglar er dei er tett nærskyle til tukanar.
Amerikanske skjeggfuglar | |
Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii Foto: Ana Agreda
| |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Amerikanske skjeggfuglar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Spettefuglar Piciformes |
Familie: | Amerikanske skjeggfuglar Capitonidae Bonaparte, 1838 |
Amerikaskjeggfuglar er for det meste trelevande fuglar som hekkar i hole tre. Dei et frukt og insekt. Desse fuglane er ikkje trekkfuglar.
To artar av amerikanske skjeggfuglar er oppført som trua av IUCN: kvitryggskjeggfugl i Colombia er oppført som trua, utbreiinga er trua av avskoging ved utviding av landbruksareal, inkludert kokaplantasjer, og gruvedrift. Den relativt nyleg oppdaga arten raudbelteskjeggfugl i Peru er truleg sårbar på grunn av liten populasjon, rekna til under tusen fuglar, sjølv om habitatet ikkje er umiddelbart trua.
Taksonomi
endreCapitonidae var tidlegare ein parafyletisk familie av alle skjeggfuglar, men no vanlegvis rekna som sin eigen familie avgrensa av dei amerikanske slektene Capito og Eubucco.
Artslista
endreAmerikaskjeggfuglar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]
Slekt Capito
- Gullbrystskjeggfugl, Capito aurovirens, Scarlet-crowned Barbet, LC, Cuvier, 1829
- Amazonskjeggfugl, Capito dayi, Black-girdled Barbet, VU, Cherrie, 1916
- Flekkroneskjeggfugl, Capito maculicoronatus, Spot-crowned Barbet, LC, Lawrence, 1861
- Eldpanneskjeggfugl, Capito squamatus, Orange-fronted Barbet, NT, Salvin, 1876
- Kvitryggskjeggfugl, Capito hypoleucus, White-mantled Barbet, VU, Salvin, 1897
- Raudbelteskjeggfugl, Capito wallacei, Scarlet-banded Barbet, VU, O'Neill, Lane, Kratter, Capparella et al., 2000
- Femfargeskjeggfugl, Capito quinticolor, Five-colored Barbet, VU, Elliot, 1865
- Brunbrystskjeggfugl, Capito brunneipectus, Brown-chested Barbet, LC, Chapman, 1921
- Auroraskjeggfugl, Capito niger, Black-spotted Barbet, LC, Müller, 1776
- Gyllenpanneskjeggfugl, Capito auratus, Gilded Barbet, LC, Dumont, 1816
Slekt Eubucco
- Sitronstrupeskjeggfugl, Eubucco richardsoni, Lemon-throated Barbet, LC, Gray, 1846
- Inkaskjeggfugl, Eubucco tucinkae, Scarlet-hooded Barbet, LC, Seilern, 1913
- Raudhovudskjeggfugl, Eubucco bourcierii, Red-headed Barbet, LC, Lafresnaye, 1845
- Fleirfargeskjeggfugl, Eubucco versicolor, Versicolored Barbet, LC, Müller, 1776
Kjelder
endre- Denne artikkelen starta med stoff frå «Capitonidae» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2011
Referansar
endre- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)