Amin Maalouf[1] (fødd 25. februar 1949) er ein fransk-libanesisk forfattar og journalist. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Goncourt-prisen for romanen Le Rocher de Tanios (norsk Tanios-klippen) i 1993. I 2011 blei han vald til medlem av Académie française.

Amin Maalouf

Statsborgarskap Libanon, Frankrike
Fødd 25. februar 1949 (75 år)
Beirut
Yrke journalist, skribent, librettist, science fiction-forfattar, forfattar, romanforfattar
Språk arabisk
Medlem av Académie française
Mor Odette Maalouf
Ektefelle Andrée Maalouf
Amin Maalouf på Commons

Liv endre

Maalouf blei fødd i ein kristen arabisk familie som det andre av fire barn. Foreldra hans stamma frå fjellandsbyen Ain el Kabou, men blei gifte i Kairo. Maalouf budde mesteparten av barndommen i Beirut

Maalouf gjekk på ein franskspråkleg jesuittskule, og studerte sosiologi ved Université Saint-Joseph i Beirut. Han arbeidde for avisa an-Nahar i Beirut frem til utbrotet av den libanesiske borgarkrigen i 1975, då han flykta til Frankrike. Kona hans og dei tre barna deira følgde kort tid etter, og dei slo seg ned i Paris. Maalouf fann arbeid som journalist og blei etterkvart redaktør for magasinet Jeune Afrique.

I 1981 fekk han ein forfattarkontrakt for si første bok, essayet Les Croisades vues par les Arabes (Korstogene sett fra arabernes side). Han fekk litterær suksess med romanen Léon l'Africain (1986, norsk Leo Afrikaneren), og skreiv etter dete meir skjønnlitteratur. Samarcande handla om den persiske diktaren Omar Khayyam medan Les Jardins de lumière tok for seg profeten Mani. Le Rocher de Tanios kom ut i 1993 og tok for seg soger og historie frå barndomstraktene i Libanon. I Les Échelles du Levant nemnd han for første gong borgarkrigen i heimlandet.

Med Les Identités meurtrières ( Identitet som dreper) frå 1998 vende han tilbake til essayforma. Her tok han opp problem knytte til identitet i konflikt mellom ulike kulturar i samband med modernitet og globalisering. Liknande tema tok han også opp i Origines frå 2004, som følgde det omskiftelege livet til farfaren hans i Levanten.

Prisar og utmerkingar endre

Verkliste endre

Dei fleste bøkene til Maalouf er omsett til norsk og utgjevne av Pax forlag. Årstalet viser til den franske utgåven.

Romaner
  • Leo Afrikaneren (Léon l'Africain, 1986) – om den reisande Leo Africanus
  • Samarkand (Samarcande 1988) – om Omar Khayyam og manuset til Rubayyat
  • Lysets hager (Les Jardins de lumière 1991) – om religionsstiftaren Mani
  • Det første århundre etter Beatrice (Le Premier Siècle après Béatrice 1992)
  • Tanios-klippen (Le Rocher de Tanios, 1993)
  • Havnene i Levanten (Les Échelles du Levant 1996)
  • Baldassares rundreise (Le Périple de Baldassare, 2000)
Sakprosa
  • Korstogene sett fra arabernes side (Les croisades vues par les Arabes, 1983)
  • Identitet som dreper (Les Identités meurtrières 1998)
  • Bidrag i Til Rushdie : arabiske og muslimske intellektuelle for ytringsfrihet. Cappelen, 1994
  • Origines (2004)
  • Verden i ubalanse: Når våre sivilisasjoner brytes ned (Le Dérèglement du monde : Quand nos civilisations s’épuisent, 2009). Essay.
Librettoar

Kjelder endre

  1. arabisk أمين معلوف
  2. Amin Maalouf, Premio Príncipe de Asturias de las Letras Arkivert 2010-06-13 ved Wayback Machine., Fundación Príncipe de Asturias, besøkt 9. juni 2010.

Bakgrunnsstoff endre