Ammonia Avenue
Studioalbum av The Alan Parsons Project
Språk engelsk
Utgjeve 7. februar 1984
Innspelt Midten av 1982 til seint i 1983
Studio Abbey Road Studios i London i England
Sjanger
Lengd 39:58
Selskap Arista
Produsent Alan Parsons
The Alan Parsons Project-kronologi 
Eye in the Sky
(1982)
Ammonia Avenue Vulture Culture
(1984)


Singlar frå Ammonia Avenue
  1. «Don't Answer Me»
    Utgjeve: Mars 1984

Ammonia Avenue er det sjuande studioalbumet av det britiske rockebandet The Alan Parsons Project, utgjeve av 7. februar 1984 av Arista Records. Phil Spector-aktige «Don't Answer Me» var den første singelen frå albumet, og nådde topp 15 på den amerikanske Billboard Hot 100 og Mainstream Rock Tracks-lista, i tillegg til fjerdeplassen på Adult Contemporary-lista. Singelen nådde òg topp 20 i mange andre land[3] og var den siste store hitten til The Alan Parsons Project. «Prime Time» vart den neste singelen, men denne nådde berre 34. plassen i USA. «Since The Last Goodbye» vart ein mindre hitt.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Rolling Stone2/5 stars[2]

Ammonia Avenue var eit av dei bestseljande albuma deira og selde til gullplate i USA og nådde topp 10 på albumlistene i mange land.[4]

Bakgrunn og utgjeving endre

Tittelen på albumet var inspirert av då Eric Woolfson vitja Imperial Chemical Industries (ICI) i Billingham i England, der det første han såg var ein veg med milevis med røyr, men ingen folk, ingen tre og eit skilt der det stod 'Ammonia Avenue'. Albumet fokuserer på mogelege misforståingar innan industriell, vitskapleg utvikling frå eit offentleg perspektiv og mangel på forståing av offentlegheita frå eit vitskapleg perspektiv.[5] Albumet var det andre av tre bandet spelte inn med analogt utstyr men miksa direkte på eit digitalt masterlydband.

«You Don't Believe» var alt gjeve ut både som singel og som ein ny song i 1983 på The Best of The Alan Parsons Project.

Ammonia Avenue vart ommastra og gjeve ut på ny i 2008 med bonusspor.

Marknadsføring endre

Det vart laga musikkvideoar for «Don't Answer Me» og «Prime Time» i 1984, for sistnemnde med kunst og animasjon av MW Kaluta. Den sistnemnde videoen var inspirert av John Collier-soga «Evening Primrose» og består av to mannekengar, ein kvinneleg og ein mannleg, som kjem til liv og forelskar seg i kvarandre. Kring halvvegs uti videoen kan ein sjå gateskiltet med «Ammonia Ave.».

Innhald endre

Alle songar skrivne og komponerte av Alan Parsons og Eric Woolfson.

Side ein
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Prime Time»Eric Woolfson5:03
2.«Let Me Go Home»Lenny Zakatek3:20
3.«One Good Reason»Eric Woolfson3:36
4.«Since the Last Goodbye»Chris Rainbow4:34
5.«Don't Answer Me»Eric Woolfson4:11
Side to
Nr.TittelSolovokalLengd
1.«Dancing on a Highwire»Colin Blunstone4:22
2.«You Don't Believe»Lenny Zakatek4:26
3.«Pipeline» (instrumental) 3:56
4.«Ammonia Avenue»Eric Woolfson6:30
Bonusspor på 2008-utgåva
Nr.TittelLengd
10.«Don't Answer Me» (tidleg miks)5:08
11.«You Don't Believe (Demo)» (demo)2:20
12.«Since the Last Goodbye» (vokal overdubbing av Chris Rainbow)0:28
13.«Since the Last Goodbye» (guide-vokal av Eric)4:24
14.«You Don't Believe» (instrumental hyllest til The Shadows)3:06
15.«Dancing on a Highwire/Spotlight» (tidleg miks)3:55
16.«Ammonia Avenue Part 1» (demovokal av Eric)2:40
17.«Ammonia Avenue» (overdub med orkester)1:22

Medverkande endre

Salslister endre

År Liste Plassering
1984 The Billboard 200 15
1984 UK Albums Chart 24
1984 Australske album[6] 16
1984 Canada 29
1984 Frankrike 18
1984 Noreg 5
1984 Spania (AFYVE) 2
1984 Nederland[7] 1

Salstrofé endre

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[8] Gull 50 000^
Frankrike (SNEP)[9] Platina 500,800[10]
Tyskland (BVMI)[11] Gull 250 000^
Nederland (NVPI)[12] Gull 50 000^
USA (RIAA)[13] Gull 500 000^

^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder endre