Analogi i språkvitskapen
Med analogi meiner ein i språkvitskapen det at ei språkleg ovring blir endra etter mønster av ei anna språkleg ovring.
Etymologi og historie
endreOrdet analogi kjem av klassisk gresk ἀναλογία f 'proporsjon, jamhøve', og det greske ordet blei sett om til latin med prōportiō f 'jamhøve, samsvar, proporsjon, analogi'.
Ein framstiller ofte ein analogi formelt som eit samsvar mellom a–b og c–d, slik at tilhøvet mellom a og b er proporsjonalt med tilhøvet mellom c og d. Det romerske retorikklæraren Mārcus Fabius Quīntiliānus (35–96 e.Kr.) gjev dette dømet på ein analogi i læreboka Īnstitūtiō Ōrātōria V.XI.26:
- Ut rēmiges sine gubernātōre, sic mīlites sine imperātōre nihil valēre.
- 'Som roarar utan styrmann, slik er soldatar utan hærførar inkje verd.'
Her kan vi setje opp denne analogien:
- Tilhøvet mellom (a) roarar og (b) styrmann er proporsjonalt med tilhøvet mellom (c) soldatar og (d) hærførar.
Å argumentere gjennom ein analogi er eit retorisk hjelpemiddel som har vore skildra sidan antikken.
Døme
endreFrå morfologien
endreEit døme frå morfologien har vi når fleirtalsformene av det norske substantivet SAU i mange dialektar har blitt endra frå sauer, sauene til sauar, sauane, etter det vanlegaste bøyingsmønsteret for norske substantiv med genuset maskulinum, eller når fleirtalsformene av det norske substantivet ELV i mange dialektar har blitt endra frå elvar, elvane til elver, elvene, etter det vanlegaste bøyingsmønsteret for norske substantiv med genuset femininum. Døme på substantiv som frå gamalt av følgjer dei vanlegaste bøyingsmønstera for substantiv i høvesvis maskulinum og femininum, er HEST og SKÅL, med fleirtalformene hestar, hestane og skåler, skålene.
Frå syntaksen
endrePå norrønt fanst det nokre få verb som ikkje kravde subjekt, mellom anna verb for ulike typar vêr:
- Rignir. 'Det regner.'
- Snjóvar. 'Det snøar.'
I moderne norsk krev desse verba eit subjekt, det «upersonlege» det. Ein kan kalle den endringa som her har skjedd, for ein analogi. Verba rigna 'regne' og snjóa 'snøe' har tilpassa seg det vanlege mønsteret for norske setningar, med eit obligatorisk subjekt.
Frå leksikon
endreDet norske verbet handtere tyder mellom anna 'bruke el. behandle (ein reiskap, eit hjelpemiddel, eit materiale o. l.)'.[1] Når ordet blir skrive handtere i staden for hantere, er det fordi ein tenkjer seg at ordet heng i hop med substantivet hand, noko det ikkje gjer historisk. Handtere er lånt frå nedertysk, hanteren 'vitje ofte, drive handel', som igjen kjem av fransk hanter 'ha omgang med'. Endringa hantere > handtere har skjedd i analogi med hand.[2] På nynorsk er denne analogien reint ortografisk, sidan handtere og hantere begge lyt uttalast [han¹teːre], og det handlar truleg om ein påverknad frå bokmål/dansk, som har håndtere, slik at analogien ikkje berre gjeld skrivemåten, men også uttalen.
Det vanlege namnet på leksikalsk analogi er «folkeetymologi».
Frå fonologien
endreEndringane i kvantitetssystemet frå norrønt til moderne norsk kan framstillast som ein fonologisk analogi.[3] Norrønt hadde fire kvantitetsmønster i trykksterk staving (V = vokal; C = konsonant)
- VC – td dag [ˈdaɣ]
- VːC – td hús [ˈhuːs]
- VCː – td mann [ˈmanː]
- VːCː – td rétt [ˈreːtː]
Mønster (1) og (4) var mindre vanlege enn (2) og (3), og det fyrste som skjedde frå overgangen frå norrønt til mellomnorsk, var:
- a. (1) blei til (2) eller (3)
- b. (4) blei til (3)
I Nord-Gudbrandsdalen har enno berre endring b skjedd, i delar av Setesdalen berre endring a. I resten av landet har både a og b skjedd, med mindre unnatak.
Visse typar endringar som ofte blir sedde på som "folkeetymologiske" (sjå avsnittet "Frå leksikon" over), kan kanskje tolkast som fonologisk analogi. Det er relativt vanleg at ordet legitimasjon blir uttala som om det var skrive legimitasjon, truleg av di …mitasjon er ein vanlegare fonemsekvens enn …timasjon.[4]
Litteratur
endre- Anttila, Raimo 1977: Analogy. Trends in Linguistics, State-of-the-Art Reports, 10. The Hague: Mouton.
- Garmann, Nina Gram 2008. The Quantity Shift. A Cognitive Usage-Based Analysis of the Quantity Shift in Eastern Norwegian with Data from Old Norse and North Gudbrandsdal. Oslo: Faculty of Humanities, University of Oslo.
- Gundersen, Helge 1995. Linjedansere og pantomine på sirkhus. Folkeetymologi som morfologisk omtolking. (Oslo-studier i språkvitenskap. 10.) Oslo: Novus forlag.
Fotnotar
endre- ↑ «handtere» i Nynorskordboka.
- ↑ Jf. Gundersen (1995).
- ↑ Dette er føreslege i Garmann (2008). Framstillinga her er litt forenkla i høve til Garmann.
- ↑ Jf. Gundersen (1995).