Anas

slekt av andefuglar

Anas er ei biologisk slekt med grasender i andefamilien.

Anas
Krikkand Foto: Dick Daniels
Krikkand
Foto: Dick Daniels
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Anas
Linnaeus, 1758

Slekta samlar ender av varierande storleik, frå krikkand på 34 centimeter i kroppslengd til raudfotand og golfand som kan bli over 60 cm. Dei hekkar ved ferskvatn. Anas-grasender beitar typisk på akvatiske plantar og virvellause dyr på grunt vatn. I motsetnad til dukkender i slektene Netta, Aythya og Bucephala dukkar Anas-endar i vatnet ved å vippe framkroppen ned i vatnet og bakkroppen opp i lufta. Dei er i stand til å flyge rett opp frå vassoverflata.

I vinterhalvåret har mange artar særs iaugefallande oppvisingar ved kurtise. Dette byrjar på ei tid der fuglane ikkje er i stand til formering. Kurtisen blir tatt opp att jamleg i vårmånadane og inkluderer artsspesifikke positurar, gestar og rørsler. Den langvarige kurtisen bidreg til å sikre at det finst partnarar av same art.

Dei fleste artane i denne slekta, spesielt viss dei er utbreidde i temperert klima i nord, syner stor kjønnsdimorfisme i fjørdrakt. Fjørdrakta åt andriken endrar seg vesentleg mellom vår og haust, praktdrakta blir utvikla allereie tidleg på hausten, etter andre myting. Hos hofuglar derimot, er fjørdrakta ikkje så veldig annleis gjennom året.

Blant dei mest kjende og mest utbreidde representantar for denne slekta er stokkand, Anas platyrhynchos. Stokkanda har ein populasjon på meir enn 19 millionar individ spreidd over store delar av den nordlege halvkula.[1] Slekta inneheld òg nokon av dei mest avgrensa og isolerte øyartar som dessutan er truga eller sterkt truga. Til dømes lever ein estimert populasjon på maksimum 2500 individ (2002) av gassarkrikkand, Anas bernieri på vestsida av Madagaskar.[2] Campbelland, Anas nesiotis med berre maksimalt 200 kjønnsmodne individ, overlever på berre 23 dekar på Dent Island, Campbell-øyane.[3] Laysanand, Anas laysanensis, som er blant dei mest sjeldne vassfuglar i verda, lever på den 370 hektar store øya Laysan, Hawaii. Populasjonen er på om lag 500 - 680 hekkande individ (2010).[4]

Det har vist seg at mange artar innanfor denne slekta er i stand til å reprodusere med kvarandre. Avkommet, derimot, er vanlegvis sterilt.

Artslista

endre

Anas i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[5] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[6]

  • Elveand, Anas sparsa, African Black Duck, Eyton, 1838, (LC)
  • Gulnebband, Anas undulata, Yellow-billed Duck, Dubois, CF, 1838, (LC)
  • Madagaskarand, Anas melleri, Meller's Duck, Sclater, PL, 1865, (EN)
  • Stripeand, Anas superciliosa, Pacific Black Duck, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Laysanand, Anas laysanensis, Laysan Duck, Rothschild, 1892, (CR)
  • Hawaiiand, Anas wyvilliana, Hawaiian Duck, Sclater, PL, 1878, (EN)
  • Filippinarand, Anas luzonica, Philippine Duck, Fraser, 1839, (VU)
  • Flekknebband, Anas poecilorhyncha, Indian Spot-billed Duck, Forster, JR, 1781, (LC)
  • Kinaand, Anas zonorhyncha, Eastern Spot-billed Duck, Swinhoe, 1866, (LC)
  • Stokkand, Anas platyrhynchos, Mallard, Linné, 1758, (LC)
  • Raudfotand, Anas rubripes, American Black Duck, Brewster, 1902, (LC)
  • Golfand, Anas fulvigula, Mottled Duck, Ridgway, 1874, (LC)
  • Kappand, Anas capensis, Cape Teal, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Kvitkinnand, Anas bahamensis, White-cheeked Pintail, Linné, 1758, (LC)
  • Raudnebband, Anas erythrorhyncha, Red-billed Duck, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Stjertand, Anas acuta, Northern Pintail, Linné, 1758, (LC)
  • Kerguelenand, Anas eatoni, Eaton's Pintail, Sharpe, 1875, (VU)
  • Spisshaleand, Anas georgica, Yellow-billed Pintail, Gmelin, JF, 1789, (LC)
  • Krikkand, Anas crecca, Green-winged Teal, Linné, 1758, (LC)
  • Andeskrikkand, Anas andium, Andean Teal, Sclater, PL & Salvin, 1873, (LC)
  • Gulnebbkrikkand, Anas flavirostris, Yellow-billed Teal, Vieillot, 1816, (LC)
  • Kvitstrupekrikkand, Anas albogularis, Andaman Teal, Hume, 1873, (VU)
  • Gråkrikkand, Anas gibberifrons, Sunda Teal, Müller, S, 1842, (NT)
  • Nomadeand, Anas gracilis, Gray Teal, Buller, 1869, (LC)
  • Kastanjeand, Anas castanea, Chestnut Teal, Eyton, 1838, (LC)
  • Gassarkrikkand, Anas bernieri, Bernier's Teal, Hartlaub, 1860, (EN)
  • Bronseand, Anas aucklandica, Auckland Islands Teal, Gray, GR, 1844, (VU)
  • Campbelland, Anas nesiotis, Campbell Islands Teal, Fleming, JH, 1935, (EN)
  • Koparand, Anas chlorotis, Brown Teal, Gray, GR, 1845, (NT)

I år 2017 blei 16 Anas-ender splitta ut og plassert i tre nye slekter Sibirionetta, Spatula og Mareca.[5] Artane er:

Gulkinnand, Sibirionetta formosa, knekkand, Spatula querquedula, sumpand, Spatula hottentota, sølvand, Spatula versicolor, punaand, Spatula puna, blåvengand, Spatula discors, Kaneland, Spatula cyanoptera, prikkskeiand, Spatula platalea, kappskeiand, Spatula smithii, sigdskeiand, Spatula rhynchotis, skeiand, Spatula clypeata, snadderand, Mareca strepera, sibirand, Mareca falcata, brunnakke, Mareca penelope, amerikablesand, Mareca americana, sørblesand, Mareca sibilatrix.

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Anas platyrhynchos Arkivert 2011-06-30 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
  2. Anas bernieri Arkivert 2012-08-19 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
  3. Anas nesiotis Arkivert 2012-10-20 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
  4. Anas laysanensis Arkivert 2015-12-08 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 20. juli 2012
  5. 5,0 5,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  6. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Anas