And You and I
Song av Yes
frå albumet Close to the Edge
Utgjeve 1972
Sjanger Progressiv rock
Lengd 10:09
Selskap Atlantic Records
Komponist Jon Anderson, Steve Howe, Chris Squire, Bill Bruford
Låtskrivar(ar) Jon Anderson, Bill Bruford
Chris Squire, Steve Howe
Yes-kronologi 
"America"
(1972)
And You and I "Roundabout (Live)"
(1974)


«And You And I» er ein song frå albumet Close to the Edge av det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i 1972. Songen er skriven av Jon Anderson, Bill Bruford, Chris Squire og Steve Howe, og er 10 minutt og 9 sekund lang. Songen består av fire satsar og har sidan utgjevinga vore den nest mest spelte under konsertane til bandet. «And You And I» kan skildrast som Yes sin «musikkfilosofi» komprimert i éin song.

Songen vart i 1972 utgjeve som singel, der «Cord of Life» og «Eclipse» utgjorde A-sida medan B-sida bestod av «The Preacher the Teacher» og «Apocalypse».

Satsar endre

Sats Starttid Lengd
I. «Cord of Life» 0:00 3:47
II. «Eclipse» 3:47 2:29
III. «The Preacher, the Teacher» 6:16 3:10
IV. «Apocalypse» 9:26 0:42

I. «Cord of Life» endre

Songen opnar med at gitarist Steve Howe stemmar gitaren sin. Han seier «OK» når han er ferdig å stemme gitaren og er klår for opptak. Ei enkel melodilinje blir spelt på 12-strengsgitar med akkordar frå orgel i bakgrunnen. Dette temaet blir punktert av bassen og eit triangel som avsluttar opningstemaet. Dette blir snart utvikla til ein akkord-progresjon med ein enkel solo spelt på Moog-synthesizer. No kjem vokalen med, og rytmen frå punkteringa til bassen med etterfølgjande triangel fortset. Såg aukast tempoet og rytmen frå bassen blir endra, samstundes som vokalharmoniane blir tettare og meir intense. Hovudteksten blir sungen av Jon Anderson, medan Chris Squire og Steve Howe syng ein «alternativ» tekst parallelt med hovudteksten.

II. «Eclipse» endre

Dette er ein sats med lågt tempo og lågmælte instrument. Melodilinja kan minne om Sibelius. Rick Wakeman spelar ei rytmisk melodilinje som blir repetert, der han spelar på Mellotron og Moog samstundes. Hovudtemaet frå «Cord of Life» blir handsama i ulike tonearter. Satsen blir avslutta med 12-strengsgitaren si innleiing til neste sats, «The Preacher, the Teacher».

III. «The Preacher, the Teacher» endre

Den melodiske og tekstmessige strukturen er nesten som ei forlenging av føregåande sats. Eit folkemusikk-liknande stykke fører musikken inn i eit raskare tempo, og med fleire rytmeskifte. Ein rask synthesizer-solo av Wakeman leiar inn i ein svulstig orgel-solo som byggjer opp mot eit orkestralt crescendo som kan minne om ein neo-Wagnersk komposisjon.

IV. «Apocalypse» endre

Dette er den kortaste satsen med sine 42 sekund. Han består av avslutninga av songen, som er ein repetisjon av akkord-progresjonen frå første satsen med refrenget «til songen».

Konsertversjonar endre

Trommeslagaren på originalinnspelinga, Bill Bruford, forlét bandet straks innspelinga av albumet Close to the Edge var over, og vart erstatta av Alan White. Bruford spelte difor denne songen under konsert for første gongen i 1989 som medlem av Anderson Bruford Wakeman Howe. Han spelte «And You And I» under konsert som Yes-medlem første gongen under Union-turneen i 1991.

«And You And I» har vorte framført på nær alle av konsertane til Yes sidan utgjevinga i 1972.[1]

Offisielle konsertopptak finst på:

Medverkande endre

På originalinnspelinga frå 1972 medverkar:

Kjelder endre