Opna hovudmenyen

Anders Aschim (fødd 8. august 1958 i Tromsø) er ein norsk teolog, bibelomsetjar og sakprosaforfattar.

Anders Aschim
Fødd 8. august 1958
Tromsø
Yrke skribent, omsetjar

Aschim voks opp i Tromsø og på Hamar. Han har teologisk embetseksamen med mellomfag i hebraisk og musikk, og vart doktor philos. i 2010[1]. Han verka som prest i mellom anna Ringebu og Enebakk. I tillegg har Aschim hatt forskings- og undervisingsstillingar ved Menighetsfakultetet. Han er med i prosjektet Bibel 2010 drive av Det Norske Bibelselskap, som utarbeider ein fullstendig revisjon av bibelomsetjingane til både bokmål og nynorsk.

Fagleg har Aschim særleg teke for seg Daudehavsrullane og livet til salmeforfattaren Elias Blix, som han gav ut ein fyldig biografi om i 2008. Dette arbeidet var også grunnlaget for doktoravhandlinga han la fram hausten 2010: «Ein betre vår ein gong : Elias Blix / Uavslutta vitskapleg etterskrift.»[2]

Aschim har publisert ei rekkje artiklar om emne knytt til omsetjing av Bibelen, Daudehavsrullane og tidleg målrørsle.[3] I tillegg til tradisjonelle media har Aschim og nytta nyare former, som bloggar.

VerklisteEndra

  • Hemmeligheten i hulen – en fortelling om Dødehavsrullene (1999)
  • Ein betre vår ein gong. Elias Blix (2008).

KjelderEndra

ReferansarEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Blixblog. Blogg om Elias Blix skriven av Anders Aschim
  • qumran.no. Nettstad om Daudehavsrullane driven av Anders Aschim