Anders Rambech
Anders Rambech, fødd Anders Graneng,[1] (2. september 1767–14. september 1836) var ein embetsmann, eidsvollsmann og stortingsmann frå Kvikne i Sør-Trøndelag.[2]
Anders Rambech | |
Anders Rambech Måla av: Jacob Munch | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 2. september 1767 Kvikne |
Død |
14. september 1836 (69 år) |
Yrke | jurist, politikar |
Språk | norsk |
Anders Rambech på Commons |
Rambech var fødd i Kvikne, faren arbeidde som pliktfut for Røros koparverk. Presten Anders Rambech i Kvikne tok seg av han og ga han òg etternamnet sitt.[1] Han vart tilsett som kontorist hos sorenskrivaren i Orkdal i 1783, og ti år seinare som fullmektig hos same. Same året, 1793, vart han eksaminert jurist. År 1800 vart han sjølv sorenskrivar i Orkdal, eit embete han hadde til han døydde.
Rambech var utsending frå Søndre Trondhjems amt til riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814 saman med Jacob Hersleb Darre og Lars Larsen Forsæth. Han knytte seg til sjølvstendepartiet.[3]
Han var stortingsrepresentant i 1815-16, 1818, 1824, 1827 og på det overordentlege storting 1828. Også til 1830-stortinget var han vald, men sa frå seg. I 1815-16 var han sekretær i Stortinget og medlem av 12 komitear. Han var formann i komiteen om bondestandens næringsfridom og komiteen om det Ankerske fideikommiss. I 1818 var han stortingspresident og ei kort tid sekretær i Stortinget. Han var medlem av 18 komitear. I fem av komiteane var han formann, mellom anna om embetsmenns løner, om sølvverdien, om matrikkellova og om lova om elgen. Elles var han med i deputasjonen som Stortinget sende til kongekroninga i Trondheim. Under tingsamlingane 1824, 1827 og 1828 var han president i Odelstinget. I 1824 var han sekretær i både kyrkjekomiteen og i komiteen om innløysing av riksbanksetlane. Attåt var han på dei same tre stortinga medlem av valkomiteen og fullmaktskomiteen.
Rambech var busett på garden Syrstad i Meldal, og døydde der. Hovudbygninga og tingstugu frå Rambech si tid er framleis bevart, men tingstugu vart flytta til Gjevilvasshytta i Oppdal i 1848.[3]
Utmerkingar
endreRambech var innehavar av Nordstjerneordenen.[2]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Arne Dag Østigaard. «Anders Rambech». Norsk biografisk leksikon. Henta 28. juni 2015.
- ↑ 2,0 2,1 Lindstøl, Tallak (1857-1925) (1914). «Rambech, Anders». Stortinget og statsraadet: samt tillæg. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri. s. 700.
- ↑ 3,0 3,1 Terje T.V. Bratberg (2014). «Anders Rambech og gården Syrstad i Meldal». I Jørn Holme. De kom fra alle kanter. Eidsvollsmennene og deres hus. Oslo: Cappelen Damm. s. 451—454. ISBN 978-82-02-44564-5.
- Biografisk informasjon om Anders Rambech NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv