Anders Skåsheim (18801965) var ein norsk bankmann og forfattar av bøker og artiklar.

Anders Skåsheim

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1880
Balestrand kommune
Død

1965 (85 år)

Yrke skribent

Han var fødd i Balestrand kommune i Sogn.[1] Skåsheim gjekk på Treiders Handelsskule i Oslo, og fekk der utdanning innan rekneskap, økonomi og marknadsføring. Han fekk seg jobb i Bergen Notforretning og arbeidde fleire år som handelsreisande. Han var med som sekretær i den nynorskbrukande Landsbanken i Bergen frå oppstarten i 1914 og fram til 1920. Anders Skåsheim var sekretær, kontorsjef og soussjef i Vestlandsbanken i Bergen i perioden 1926-1950.[1]

Skåsheim ivra for målsaka og han hadde ein sentral plass i Vestmannalaget i Bergen og han vart utnemnd til æresmedlem. Skåsheim var med å skipa Sogn Mållag, og var den første formann der. Han vart også utnemnd til æresmedlem i Sogn Mållag.

Skåsheim var initiativtakar til skipinga av Historielaget for Sogn.[2]

I 1950 vart han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.[3]

Bibliografi

endre

Bøker

endre
  • 1921 – Bankarbeid (Bergen: Gula Tidend Prenteverk) I fulltekst ved nb.no
  • 1933 – Bodberaren 1 (Bjørgvin: Lunde forlag) I fulltekst ved nb.no  [Dikt]
  • 1934 – Bodberaren 2 (Bergen: Lunde forlag)  [Dikt]
  • 1959 – Grønlandssaki  : grunnlag for norrøn samvinna (Leikanger: Det Norrøne Grønlandslaget)
  • 1960 – Segner og sogor frå Kyrkjebø herad (Balestrand: Kviknes bokhandel)
  • 1962 – Nordland-skipparar frå Tysnes : fiskekjøp og sildesalting i Nord-Noreg (Balestrand: Kviknes bokhandel) I fulltekst ved nb.no
  • 1964 – Noko um det fyrste kjende torskefiske i Finnmark (Balestrand: Kviknes bokhandel) I fulltekst ved nb.no

I bøker - eit utval

endre
  • 1914 – Til frender fraa Sogn : festskrift utgjeve av Sogns ungdomslag til stemna i Sogndal 2. august 1914 (Balestrand: Kviknes bokhandel) I fulltekst ved nb.no  [Redaktør: Olav Hoprekstad. Av innhaldet: Amerikabrev / Anders Skåsheim, s. 42-43]

I tidsskrift - eit utval

endre
  • «Ikkje i noki bygd har eg set so mykje av baade nytt og gamalt som i Vik». Pridlao (2): 33, årgang 15. 1998.  Frå Sogns Tidend, 1913
  • «1500 år gamalt sverdfunn på Vangsnes». Pridlao (1): 71, årgang 16. 1999.  Frå Sogningen 24.3.1958
  • «Fraa ei granskarferd i Sogn : Arnefjord og Nessarne». Pridlao (3): 68-69. 1999.  Årgang 16
  • «Restaurering av Vangsnes kyrkje i 1957». Pridlao (1): 70-71. 1999.  Årgang 16
  • «Varande minne». Pridlao (3): 51. 1999.  Årgang 16
  • «Åsa Brekke f. Grøneng 1860-1955». Pridlao (3): 47. 1999.  Årgang 16
  • «Åsedalen». Pridlao (3): 58-59, årgang 17. 2000.  Frå Sogningen 15.03. 1963
  • «Samferdsla i Sogn på 1950-talet». Pridlao (1): 85. 2002.  Årgang 19
  • «Trygdelaget for Sognajekter». Pridlao (1): 66, årgang 21. 2004.  Frå Sogningen 02.03.1953
  • «Prydeleg vøling av Vangsnes kyrkje». Pridlao (1): 74, årgang 22. 2005.  Sogningen, februar 1958
  • «Ei stormannsgrav ved Sognefjorden : Borlåg i Feios hev vore hovdingsæte». Pridlao (1): 76-77, årgang 22. 2005.  Frå avisa Sogn og Fjordane 9. desember 1953
  • «Millom gamle jektekarar». Pridlao (2): 47-49, årgang 29. 2012.  Tidlegare prenta i Sogningen
  • «Frå Fjærland (for 100 år sidan)». Dar breadn kalva: 32-34, årgang 14. 2013.  Frå Sogns Tidende 14. november 1913
  • Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 Bjørkum og Bondevik, 1978, s. 394
  2. Heiberg, 1944, s. 68
  3. Det Norske Kongehus, 2015

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre