Andesrikse

fugleart
Andesrikse
Andesrikse Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1894 (public domain)
Andesrikse
Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1894 (public domain)
Utbreiing og status
Status i verda: VU SårbarUtbreiinga av Andesrikse
Utbreiinga av Andesrikse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Slekt: Rallus
Art: Andesrikse R. semiplumbeus
Vitskapleg namn
Rallus semiplumbeus

Andesrikse (Rallus semiplumbeus) er ei rikse som er endemisk for Colombia. Ho har utbreiing i páramo-myrer, savannar og våtmarker i departementa Cundinamarca og Boyacá i austlege Andes, ikkje langt frå Bogotá.

Dette er ein lita til mellomstor rikse, 25–30 cm i lengd, som er skifergrå frå sidene av andletet og bakover til buken. Halsen og brystet er òg i bleikgrått. Bakre del av flankene er svart med noe irregulære, kontrastrike, kvite tverstriper. Oversida er olivenbrun til raudbrun. Beina og nebbet har avdempa raudfarge.

Frå Páramo de Sumapaz, Bogotá D.C
Foto: Neil Orlando Diaz Martinez

Dei beitar gjerne i vassige habitat, så dietten er variert og sett saman av virvellause dyr, blautdyr og insekt, makk, rumpetroll, og froskar. Dei kan òg ta plantemateriale. Normalt har dei habitatet i høgder frå 2500 moh. opp til 4000 moh., i utbreiingsområdet er dette både páramo-myrer og savannar.

Andesrikse er venteleg monogame og dannar territorium. Forplantingsbiologien er ikkje kjent.

Denne riksearten har ein estimert populasjon på totalt 1500-3750 og er minkande. Han er klassifisert som sterkt truga (EN) fordi utbreiiingsområdet ikkje er større enn 730 km2 og habitatet framleis blir innskrenka og utarma.

Kjelder endre

Referansar

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Andesrikse