Vågsfjorden i Troms

fjord i Troms

68°54′28.944″N 16°52′59.664″E / 68.90804000°N 16.88324000°E / 68.90804000; 16.88324000

Harstad og Vågsfjorden i seine nattetimar

Vågsfjorden er ein fjord mellom Hinnøya og Senja i Troms. Han ligg sør for Andfjorden og går mellom anna forbi Harstad. I tillegg til Harstad dekkjer delar av kommunane Ibestad, Senja og Tjeldsund fjorden.

Fjorden strekkjer seg 46 km nordover frå Tjeldsundet i sør til Eidespollen på sørsida av Senja i nord. Hinnøya, Grytøya, Sandsøya og Bjarkøya ligg på vestsida av fjorden, medan Andørja og Rolla ligg på austsida.

Vågsfjorden er ein sentral fjord i området og mange sund og fjordar møter fjorden mellom dei mange øyane. Lengst sør går Tjeldsundet sørover langs austsida av Hinnøya til Vestfjorden i Ofoten. Rolla er den sørlegaste øya på austsida og på sørsida av øya går Astafjorden austover til Grovfjorden, Gratangen, Lavangen og Salangen. Mellom Rolla og Andørja ligg sundet Bygda. Sjølve Andørja vert nesten delt i to av fjorden Straumsbotn. Mjøssundet ligg mellom Andørja og fastlandet i aust. Nord for Mjøssundet går Faksfjorden austover og lenger nord går Tranøyfjorden på austsida av Senja til ei rekkje andre fjordarmar.

Utsyn over Vågsfjorden mot Senja i nord

Stonglandet er ei halvøy som stikk ut i fjorden frå Senja og på nordsida av denne ligg den vesle Eidepollen som er den nordlegaste delen av Vågsfjorden. Sørvest for Senja ligg Bjarkøy kommune med Andfjorden nord for seg. Mellom Bjarkøya og Grytøya ligg Kvernsundet, medan Toppsundet går mellom Grytøya og Hinnøya.