Andreas av Kreta er ein ortodoks helgen som var biskopKreta på 700-talet. Han vart fødd i Damaskus i Syria på rundt 660-talet. Han var stum før han ein gong fekk nattverd, da han var sju år gamal.

Andreas av Kreta

Statsborgarskap Austromarriket
Fødd ca. 660
Damaskus
Død

ca. 4. juli 740
Mytilíni

Yrke prest, lyrikar, skribent, komponist
Språk nygresk, gamalgresk
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Andreas av Kreta på Commons
Ikonet av Andreas av Kreta og Maria av Egypt

Andreas tok grunnutdanninga si i Damaskus. Der vart han kjend med logikk, retorikk og antikk filosofi. Som fjortenåring reiste Andreas for å bli munk i klosteret Mar Saba, for han ønskte å tene Gud. Her vart han kjend for sin audmjukskap, intellekt og strenge liv.

Han vart kalla frå Mar Saba for å tene som skrivar i patriarkiet i Jerusalem. I 679 reiste han som patriark-vikar til Det sjette økumeniske konsilet i Konstantinopel. Like etter konsilet vart han diakon i Sofijskaja-kyrkja og ei stund leia han formynderskapet for uekte barn og eldre. Under regjeringstida til Justinianus ll vart Andreas erkebiskopKreta. Han døydde i 712.

St. Andreas er kjent som prest og kyrkjeleg diktar. Han har skrive mange inspirerte bøner og kyrkjelege songar, og skreiv den store angerkanonen, som vart lesen i kyrkjer under den stor fastetida. Han skreiv òg ein kanon til jul og andre festdagar.

Minnefestdagar for St. Andreas

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Andreas av Kreta