Jørgen Husemoen (19051976) var ein norsk spelemann frå Nes i Buskerud.

Jørgen Husemoen
Fødd1905
Død1976
Verka sommusikar

Jørgen Husemoen lærde først og fremst spel av Tor Grimsgard, men var og i lag med Engebret Ødegård frå Flå. Gjennom Grimsgard sytte Husemoen for å ta vare på mykje spel etter Gudbrand Skjellerud. Han kom til bli ein viktig kjelde for Odd Bakkerud og Magne Myhren. Husemoen sytte mellom anna for at dei fekk seg brukbare feler.

Husemoen er ikkje rekna som like sentral som dei jamngamne spelemennene frå Ål på same tid. Ei årsak til dette er at han var svært unnseleg av seg og noko folkesky. Han vart heller aldri gift. Dette førte til at Husemoen ikkje var like aktivt med i spel-miljøet som jamnaldringane sine. Men han tok gjerne imot yngre spelemenn som vitja han.

Husemoen spela likevel inn ei rekkje slåttar for Norsk Folkemusikksamling ved Universitetet i Oslo. Både Truls Ørpen, Sven Nyhus og Eivind Groven skreiv opp slåttar etter han (mest etter desse opptaka). Hardingfeleverket har trykt opp tjue nedskrifter. Husemo-spelet er eit godt døme på det gamle Nes-spelet før Bakkerud si tid.

Slåttar skrivne ned etter Jørgen HusemoenEndra

Etter Jørgen er det mest skrive ned springarar, men og ein gangar. Denne har nr 181 i band VII av hardingfeleverket, skriven ned av Eivind Groven i 1972 (G 1890). Slåtten er i 2/4-takt, og minner mykje om Hopparen.

Elles:

  • 529b: Springar. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Minner noko om Siklebekken, og er og skyldt ein springar frå Krødsherad. Variant a er skriven ned i Hovin, Telemark, og er opphavleg ein Numedalsslått. Slåtten er eit døme på slåttar som er sams mellom Krødsherad og nedre Hallingdal. Truls Ørpen har spela inn ei nærskyldt form.
  • 533a: Hallingstugo. Nedskrift Eivind Groven 1972 (G 1889). Slåtten er og kjend som Hallingdølen. Variant b er skriven opp etter Haldor Meland, som bygde han noko ut.
  • 586: Plassen. Nedskrift Sven Nyhus 1978. Slåttenamnet er knytt til ein gard i Sørbygda i Flå. Ein variant av slåtten er og skriven ned etter Andres Vinna (nr 189).