Andrew Bonar Law

Andrew Bonar Law (16. september 185830. oktober 1923) var ein konservativ britisk politikar og statsminister i Storbritannia 1922–23. Han var den einaste britiske statsministeren som var fødd utanfor Storbritannia fram til Boris Johnson blei statsminister.

Andrew Bonar Law
A. Bonar Law LCCN2014715818 (cropped).jpg
Fødd16. september 1858
Rexton
Død30. oktober 1923 (65 år)
Statsborgar avDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
PartiDet konservative partiet i Storbritannia
Yrkepolitikar, sjakkspelar
InstitusjonarUniversity of Glasgow
Utdanna vedUniversity of Glasgow
Lomond School
Gilbertfield House School
MorEliza Kidston
FarJames Law
EktefelleAnnie Pitcairn Robley
BarnRichard Law, Isabel Harrington Law, Catherine Edith Mary Law, James Kidston Law, Charles Law, Harrington Law
Bonar Law karikert av Spy for Vanity Fair, 1905

Liv og virkeEndra

Bonar Law var fødd i Kingston (no Rexton) i New Brunswick i 1858 som son av Eliza Kidston Law og den presbyterianske presten James Law.[1] New Brunswick var då ein separat britisk koloni, ettersom den canadiske konføderasjonen fyrst blei skipa i 1867.[1]

Mora døydde i 1861, og syster hennar Janet drog til New Brunswick frå Skottland for å passa på ungane. Då James Law gifta seg opp att i 1870 kunne Janet venda tilbake til heimlandet. Ho føreslo at ho kunne ta med seg Bonar, sidan han ville få eit mykje meir privilegert tilvere der.[2] Både far og son gjekk med på dette, og Bonar Law blei oppfostra av dei rikare skotske slektningane sine i Helensburgh nær Glasgow. Bonar vendte aldri tilbake til Kingston.[3]

Han blei utdanna ved kostskulen Gilbertfield og Glasgow High School. Janet sine brør Charles, Richard og William var partnarar i banken Kidston & Sons, og ettersom ingen av dei hadde arvingar blei det generelt venta at Law kom til å få ei framståande rolle i selskapet.[4] Han viste gode akademiske evner, men blei ikkje sendt til universitet. I staden byrja Law som kontorist ved Kidston & Sons då han ver 16.[4]

I 1885 blei Law deleigar av jernsmieselskapet William Jacks&co i Glasgow.[5]

ParlamentsmedlemEndra

Bonar Law blei vald inn i underhuset som konservativ representant for valkrinsen Glasgow Central i 1900. Han slutta seg til den proteksjonistiske fløya til partiet, som var leia av Joseph Chamberlain. Etter at Chamberlain trekte seg tilbake frå politikken av helsegrunnar i 1906 blei Law leiar for denne fløya saman med sonen til Chamberlain, Austen Chamberlain.[5]

I 1902 blei han understatssekretær i handelsdepartementet.

Konservativ partileiarEndra

I 1911 gjekk Arthur Balfour av som leiar for Torypartiet. Etter at det oppstod ein fastlåst situasjon mellom Chamberlain og Walter Hume Long blei Law vald til leiar som ein kompromisskandidat.[5]

I åra før utbrotet av fyrste verdskrigens vigde Law seg mest til tollspørsmålet og spørsmålet om Home Rule for Irland. Han hadde eit tydeleg standpunkt på at Home Rule føresette at Ulster måtte skiljast ut frå resten av Irland.[5]

I januar 1913 erklærte han at det ikkje skulle innførast nokon matvaretoll, med mindre veljarane uttalte seg for slike. 2. august 1914 lova Law og lord Lansdowne den sitjande liberale regjeringa støtte frå dei konservative dersom Storbritannia skulle tre inn i krigen på Frankrike og Russland si side.

Fyrste verdskrigenEndra

Law blei med i koalisjonsregjeringa under krigen som koloniminister i juni 1915, og var òg medlem i regjeringa sin krigskomite. I desember 1916 blei han tilboden statsministerposten, men avstod då til fordel for David Lloyd George[5] Han gjekk inn i Lloyd George si regjering som finansminister og underhusleiar, medan han heldt på plassen sin i krigskomitéen.

StatsministertidaEndra

Ved valet etter enden av krigen i 1918 vann dei konservative stort og auka majoriteten sin. Då regjeringa blei nydanna i januar 1919 bytta Law frå finansministerposten til den mindre krevjande posten som Lord Privy Seal, men blei verande underhusleiar.

Av helsegrunnar gjekk Law av som toryleiar og underhusleiar i mars 1921 til fordel for Austen Chamberlain, men han kom tilbake i oktober 1922 for å bli statsminister då eit opprør blant konservative representantar med Stanley Baldwin i spissen tvinga dei konservative til å forlata Lloyd George sin koalisjon på grunn av linja til regjeringa i krisa i forholdet mellom Hellas og Tyrkia.[5]

Andrew Bonar Law fekk diagnosen strupekreft og trekte seg som statsminister 19. mai 1923. Han blei etterfølgd av Baldwin. Han døydde av kreft seinare same året.[5]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 R.J.Q. Adams (1999) s. 3
  2. Adams (1999) s. 6
  3. Sforza (1969) s. 193
  4. 4,0 4,1 Adams (1999) s. 7
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 Green, E.H.H (Januar 2011). «Law, Andrew Bonar (1858–1923), businessman and prime minister». Oxford University Press. Henta 1. oktober 2016. 
Bibliografi

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Andrew Bonar Law