Angela Carter (fødd 7. mai 1940 i Eastbourne, daud 16. februar 1992 i London) var ein engelsk forfattar og journalist. Verka hennar er prega av feminisme, magisk realisme og det pikareske. I 2008 blei ho rekna som nummer ti av The Times på lista deira over dei femti største britiske forfattarane sidan 1945.[1] I 2012 blei romanen hennar Nights at the Circus vald ut som den beste vinnaren nokon sinne av James Tait Black Memorial Prize.[2]

Angela Carter

Pseudonym Angela Olive Carter
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 7. mai 1940
Eastbourne
Død

16. februar 1992 (51 år)
London

Yrke lingvist, manusforfattar, romanforfattar, omsetjar, journalist, science fiction-forfattar, barnebokforfattar, skribent, skodespelforfattar, filmmanuskriptforfatter, lyrikar
Angela Carter på Commons

Carter var fødd som Angela Olive Stalker i Eastbourne i 1940. Foreldra var Sophia Olive (fødd Farthing; 1905–1969) og Hugh Alexander Stalker (1896–1988). Under andre verdskrigen blei Carter evakuert til mormora si i Yorkshire. Som tenåring sleit ho med anoreksi.[3]

Etter å ha gått ved Streatham and Clapham High School i Sør-London tok ho arbeid som journalist ved Croydon Advertiser,[4] der også faren hadde arbeidd. Seinare studerte ho engelsk litteratur ved University of Bristol.[5] Ho blei gift med Paul Carter i 1960.[4]

Angela Carter debuterte som forfattar i 1965 med romanen Shadow Dance. Ho følgde seinare opp med Several Perceptions, som vann The Somerset Maugham Prize i 1968. For prispengane drog ho frå ektemannen til Japan, der ho budde eit par år. I følgje seg sjølv var det der ho «lærte kva det var å vera ei kvinne og blei radikalisert».[6] Ho skreiv om erfaringane sine i artiklar for New Society og ei novellesamling, Fireworks: Nine Profane Pieces (1974). Påverknad frå opplevingane hennar i Japan kan ein også sjå i The Infernal Desire Machines of Doctor Hoffman (1972). Carter reiste seinare rundt i USA, Asia og Europa, der det hjelpte at ho snakka fransk og tysk flytande.

I løpet av 1970- og 1980-talet var ho residerande forfattar ved fleire universitet, som University of Sheffield, Brown University, University of Adelaide og University of East Anglia. I 1977 gifta ho seg med Mark Pearce, og paret fekk ein son.

Carter skreiv fleire romaner, omsetjingar, dramatikk, barnebøker, noveller, poesi og soger.

Ho skreiv også artiklar for ulike aviser og tidskrift, som The Guardian, The Independent og New Statesman. Sakprosaen samla ho i Shaking a Leg.[7] Ho tilverka ei rekkje av novellene sine for radioteater, og skreiv to originale høyrespel om Richard Dadd og Ronald Firbank. Ho skreiv tre filmmanus, mellom anna til Neil Jordan si filmatisering av novella hennar The Company of Wolves (1984).

Angela Carter døydde 51 år gammal av lungekreft.[8][9] Då ho døydde hadde ho byrja å skissera ein oppfølgjar til Jane Eyre av Charlotte Brontë, basert på det seinare livet til Jane si stedotter Adèle Varens.[10]

Verkliste

endre

Romanar

  • Shadow Dance (1966) a.k.a. Honeybuzzard
  • The Magic Toyshop (1967)
  • Several Perceptions (1968)
  • Heroes and Villains (1969)
  • Love (1971)
  • The Infernal Desire Machines of Doctor Hoffman (1972) a.k.a. The War of Dreams
  • The Passion of New Eve (1977)
  • Nights at the Circus (1984)
  • Wise Children (1991)

Samlingar av kortfiksjon

  • Fireworks: Nine Profane Pieces (1974), også gjeve ut som Fireworks: Nine Stories in Various Disguises og Fireworks
  • The Bloody Chamber (1979)
  • The Bridegroom (1983) (novelle)
  • Black Venus (1985), Saints and Strangers i USA
  • American Ghosts and Old World Wonders (1993)
  • Burning Your Boats (1995)

Diktsamlingar

  • Five Quiet Shouters (1966)
  • Unicorn (1966)
  • Unicorn: The Poetry of Angela Carter (2015)

Dramatikk

  • Come Unto These Yellow Sands: Four Radio Plays (1985)
  • The Curious Room: Plays, Film Scripts and an Opera (1996)
  • The Holy Family Album (1991)

Barnebøker

  • The Donkey Prince (1970), illustrert av Eros Keith
  • Miss Z, the Dark Young Lady (1970), illustrert av Eros Keith
  • Comic and Curious Cats (1979), illustrert av Martin Leman
  • Moonshadow (1982), illustrert av Justin Todd
  • Sea-Cat and Dragon King (2000), illustrert av Eva Tatcheva

Sakprosa

  • The Sadeian Woman and the Ideology of Pornography (1979)
  • Nothing Sacred: Selected Writings (1982)
  • Expletives Deleted: Selected Writings (1992)
  • Shaking a Leg: Collected Journalism and Writing (1997)

Som redaktør

  • Wayward Girls and Wicked Women: An Anthology of Subversive Stories (1986)
  • The Virago Book of Fairy Tales (1990) a.k.a. The Old Wives' Fairy Tale Book
  • The Second Virago Book of Fairy Tales (1992) a.k.a. Strange Things Still Sometimes Happen: Fairy Tales From Around the World (1993)
  • Angela Carter's Book of Fairy Tales (2005) (collects the two Virago Books above)

Som omsetjar

Filmmanus

Radioteater

  • Vampirella (1976), skrive av Carter og regissert av Glyn Dearman for BBC.
  • Come Unto These Yellow Sands (1979)
  • The Company of Wolves (1980) skrive av Carter etter novella med same namn og regissert av Glyn Dearman for BBC
  • Puss-in-Boots (1982), skrive av Carter etter novella med same namn og regissert av Glyn Dearman for BBC
  • A Self-Made Man (1984)

Fjernsyn

  • The Holy Family Album (1991)
  • Omnibus: Angela Carter's Curious Room (1992)




Kjelder

endre
  1. The 50 greatest British writers since 1945. 5. januar 2008. The Times. Henta 2010-03-05.
  2. Alison Flood (6. desember 2012). «Angela Carter named best ever winner of James Tait Black award». The Guardian. Henta 6. desember 2012. 
  3. Biography of Angela Carter Arkivert 2018-03-07 ved Wayback Machine. Retrieved 5 November 2015.
  4. 4,0 4,1 Angela Carter Arkivert 2010-02-22 ved Wayback Machine.
  5. «Angela Carter - Biography». The Guardian. 22. juli 2008. Henta 24. juni 2014. 
  6. Hill, Rosemary (22. oktober 2016). «The Invention of Angela Carter: A Biography by Edmund Gordon – review». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. Henta 29. september 2017. «learnt what it is to be a woman and became radicalised.» 
  7. «Book Of A Lifetime: Shaking a Leg, By Angela Carter». The Independent (på engelsk). 10. februar 2012. Henta 29. september 2017. 
  8. Sarah Waters (3 October 2009). «My hero: Angela Carter». The Guardian. Henta 24 June 2014. 
  9. Michael Dirda, "The Unconventional Life of Angela Carter - prolific author, reluctant feminist," Washington Post, March 8, 2017.
  10. Clapp, Susannah (29. januar 2006). «The greatest swinger in town». The Guardian (London). Henta 25. april 2010. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Angela Carter