Anna Airy
Anna Airy (6. juni 1882–23. oktober 1964) var ein engelsk målar og gravør. Ho dreiv med oljemåleri og pastell.
Anna Airy | |
Statsborgarskap | Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland |
Fødd | 6. juni 1882 Greenwich |
Død |
23. oktober 1964 (82 år) |
Yrke | kunstmålar, raderer, portrettmaler, pastellist, akvarellmaler, teiknar |
Sjanger | portrett |
Medlem av | Royal Institute of Painters in Water Colours, Royal Institute of Oil Painters, Royal Glasgow Institute of the Fine Arts |
Far | Wilfrid Airy |
Ektefelle | Geoffrey Buckingham Pocock |
Anna Airy på Commons |
Airy var rekna som ein av dei leiande kvinnelege kunstnarane i sin generasjon,[1] og var ei av dei første kvinnene som blei offisielt tilsett som krigskunstnar.[2]
Bakgrunn
endreAiry blei fødd i Greenwich i London. Ho var dotter av ingeniøren Wilfrid Airy og Anna, fødd Listing, og barnebarn av den kongelege astronomen George Biddell Airy.[3][4]
Airy studerte kunst ved Slade School of Fine Art i London frå 1899 to 1903. Nokre av medstudentane hennar var William Orpen og Augustus John, medan Fred Brown, Henry Tonks og Philip Wilson Steer var lærarar. Airy vann prisar ved Slade School for portrett, figur og andre fag, mellom dei Slade School-stipendet i 1902. Ho vann også Melville Nettleship-prisen i 1900, 1901 og 1902.[5][6]
Virke
endreUnder første verdskrigen blei Airy gjeven oppdrag i fleire fabrikkar. Ho måla på staden, ofte i vanskelege og av og til i farlege tilhøve.[2] Ein gong, då ho arbeida snøgt for å måla A Shell Forge at a National Projectile Factory, Hackney Marshes, London i særs varme tilhøve, blei bakken så varm at skorne smelta av føtene hennar.[7] Måleriet som var resultatet blei seinare stilt ut ved Imperial War Museum si utstilling Women War Artists (2011–2012).[8]
I juni 1918 gav Munitions Committee of the Imperial War Museum, IWM, henner i oppdrag å laga fire måleri som skulle visa typiske scener ved ulike ammunisjonsfabrikkar:[9]
- National Projectile Factory i Hackney[7]
- National Filling Factory i Chilwell i Nottingham, W G Armstrong Whitworth's at Nottingham;
- Aircraft Manufacturing Co. i Hendon[10]
- South Metropolitan Gas Co.
Chilwell-oppdraget blei erstatta av eit oppdrag frå Singer-fabrikken i Glasgow.[11] Airy fekk også oppdrag frå Women's Work Section ved IWM under krigen. I 1917 fekk ho eit oppdrag frå Canadian War Memorials Fund, og i 1940 av Ministry of Munitions.[5]
Airy var gift med Geoffrey Buckingham Pocock, som også var kunstnar. I mange år budde paret på Haverstock Hill i Hampstead, før dei flytta til Playford nær Ipswich i Suffolk.[6]
Utstillingar
endreAiry stilte ut arbeid ved Royal Academy i 1905 og i kvart år som følgde fram til 1956. Hennar første soloutstilling var ved Carfax Gallery i 1908. Ho stilte også ut ved Parissalongen og i Italia, Canada og USA.
Ho er blitt representert ved British Museum, Victoria and Albert Museum og Imperial War Museum. Verk av henne er også blitt viste ved Art Gallery of New South Wales i Sydney og i Auckland på New Zealand, i Vancouver og Ottawa i Canada, i Corporation Art Galleries i Liverpool, Leeds, Huddersfield, Birkenhead, Blackpool, Rochdale, Ipswich, Doncaster, Lincoln, Harrogate, Paisley og Newport.[5] Graveringa Forerunners of Fruit (ca. 1925) er i samlinga til Art Gallery of New South Wales.[12]
Bøker
endreAiry skreiv bøkene
Medlemskap
endreAiry var medlem av fleire kunstnariske organisasjonar.[15] Ho blei vald inn i The Pastel Society i 1906. I 1908 blei ho vald inn i Royal Society of Painters and Etchers. Året etter blei ho vald inn i Royal Institute of Oil Painters (1909), i 1918 blei ho medlem av Royal Institute of Painters in Water Colours (1918) og i 1952 blei ho medlem av Royal Glasgow Institute of the Fine Arts. Ho blei vald til leiar for Ipswich Art Society i 1945.[14]
Kjelder
endre- ↑ Tolson, Roger. «Art and Daily Life in World War Two». BBC History. Henta 16. juni 2012.
- ↑ 2,0 2,1 Arifa Akbar (8 April 2011). «Women at war: The female British artists who were written out of history». The Independent. Henta 2 September 2013.
- ↑ Goward, K.J. (2006). «Founding of Orwell Park Observatory». Institute of Astronomy. Arkivert frå originalen 15. november 2007. Henta 16. desember 2007.
- ↑ Biography from Thompson's Galleries, London, arkivert frå originalen 19. juli 2012
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Who Was Who, 'AIRY, Anna' A & C Black, 1920–2008 (online edn utg.). Oxford University Press. December 2007. Henta 16. juni 2012.
- ↑ 6,0 6,1 Richard Green (1995). Modern British Paintings (Exhibition Catalogue). Richard Green Gallery.
- ↑ 7,0 7,1 Imperial War Museum. «A Shell Forge at a National Projectile Factory, Hackney Marshes, London, 1918 [Art.IWM ART 4032]». IWM Collections Search. Henta 17 April 2013.
- ↑ Imperial War Museum (7. april 2011). «Press Desk: Women War Artists». archive.iwm.org.uk. Arkivert frå originalen 7. mars 2014. Henta 17. april 2013.
- ↑ Imperial War Museum. «Miss Anna Airy [ART/WA1/031 (First World War Art Archive)]». Henta 17. april 2013.
- ↑ Imperial War Museum. «An Aircraft Assembly Shop, Hendon [Art.IWM ART 1931]». IWM Collections Search. Henta 17. april 2013.
- ↑ Amanda Mason. «6 Stunning First World War Artworks by Women War Artists». Imperial War Museum. Henta 1. april 2017.
- ↑ AGNSW collection record
- ↑ "Airy, Anna." Chambers Biographical Dictionary. London: Chambers Harrap, 2007. Credo Reference. Web. 25 March 2010
- ↑ 14,0 14,1 Frances Spalding (1990). 20th Century Painters and Sculptors. Antique Collectors' Club. ISBN 1 85149 106 6.
- ↑ Sara Gray (2009). The Dictionary of British Women Artists. The Lutterworth Press. ISBN 97807 18830847.
- Denne artikkelen bygger på «Anna Airy» frå Wikipedia på engelsk, den 28. juli 2018.