Andre juledag

(Omdirigert frå Annandag jul)

Andre juledag er den 26. desember og ein heilagdag i den kristne kyrkja. Dagen er fridag for mange, og kan nyttast til gudstenest, feiringar og idrettstilstellingar. Mange stader er dette også dagen då butikkar og anna opnar etter julehelga. I England og mange andre engelskspråklege land vert annan juledag feira som «Boxing Day». Namnet kjem av at denne dagen vart boksar med gåver til dei fattige opna, og innhaldet delt ut.[1] Andre namn på dagen er Day of Goodwill i Sør-Afrika sidan 1994, og 'gjerdesmettdagen' (engelsk Day of the Wren, irsk Lá an Dreoilín) på Irland. I kristen samanheng er han også kjend som St. Stefan- eller Stefanusdagen.

Steininga av sankt Stefan. Freske frå All Saints Church i Catfield i England.

Kristen feiring endre

Dagen er vigd den heilage Stefan, den første martyren i kyrkja. Den liturgiske fargen for denne dagen er raudt, medan fargen for juledagen og resten av jula er kvitt.

I kyrkjer som høyrer til Den norske kyrkja og som ikkje har hatt gudsteneste juledagen, vel mange prestar å preike over juledagstekstane i staden for å markere Stefanusdagen. Dette gjeld spesielt i distrikta, der fleire kyrkjelyder delar ein prest. På større stader er det ofte dåpsgudsteneste Andre juledag.

Verdsleg feiring endre

 
Australske Charles Rawson teikna seg sjølv sovande under spisebordet på andre juledag 1871.
 
Annandagshandel i Toronto i Canada.
Foto: Erica Basnicki, 2010

Mange stader er 2. juledag dagen for dei store familiesamankomstane. Ein kan også treffast for å gå turar, sjå på eller driva med idrett, gå og handla eller mora seg på andre måtar.

Handel endre

Mange stader opnar butikkane att etter julehøgtida på andre juledag, og kundar strøymer til.[1] Ofte har varene som ikkje blei selte til jul nedsett pris. I tillegg kan mange ønska å bytta julegåver.

Idrett endre

 
Hesteløp i Kempton Park
 
«Annandagsbandy» (ishockey) mellom Djurgårdens IF og Gustavsberg IF i Sverige.

Andre juledag er det mange stader tradisjon for å halda ulike idrettsarrangement. I Storbritannia har ein lenge halde revejakter og hesteløp på denne dagen.[1] Kampar i lagspel som fotball eller rugby blir haldne overalt på dei britiske øyane, tradisjonelt mellom lokale rivalar slik at bortelaget ikkje skulle trenga reisa langt like etter jul. Det vert også spelt full runde i Premier League, og slik har «Boxing Day» òg vorte eit omgrep blant norske fotballentusiastar.

I Australia og Sør-Afrika blir det gjerne halde cricketkampar på andredagen. I tillegg byrjar Sydney til Hobart-regattaen for seglbåtar. I Canada og Sverige er det vanleg å ha ishockeykampar, og i Sveits byrjar Spengler Cup i same idretten. I USA blir det nokre stader arrangert basketballkampar. I ei rekkje land, særleg afrikanske samveldeland, blir boxing day markert med tevlingar i boksing.

Julebukk med gjerdesmett endre

Fleire stader i Europa har det vore ein skikk å drepa ein gjerdesmett på annandag jul. Ofte blei fuglen steina på same måte som martyren Stefan. Alle andre dagar av året gav det ulukke å drepa ein gjerdesmett.

Gutegrupper som hadde drepe ein fugl kunne festa han på ein pinne pynta med kristtorn og band. Dei kunne også sverta fjesa sine og så gå julebukk for mat, myntar eller andre gåver. Skikken er kjend frå Irland, Wales, Isle of Man og Kontinentet.[1]

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Andre juledag

Kjelder endre