Annarita Sidoti
Annarita Sidoti (25. juli 1969–21. mai 2015) var ein italiensk friidrettsutøvar frå Gioiosa Marea på Sicilia som i 1990 og 1998 vart europameister og 1997 verdsmeister i 10 km kappgang.
Annarita Sidoti | |
Statsborgarskap | Italia |
Fødd | 25. juli 1969 Gioiosa Marea |
Død | 21. mai 2015 (45 år) Gioiosa Marea |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992 |
Sidoti vann gullmedaljen i kappgang under europameisterskapen 1990 i Split. Fire år seinare kneip ho sølvmedaljen i den neste europameisterskapen, ho fekk same tid som bronsevinnar Jelena Nikolajeva, begge kom i mål seks sekundar bakom den finske gullmedaljøren, Sari Essayah. I 1997 nådde Sidoti toppen i si tid som aktiv då ho vann kappganggullet ved VM i Aten, heile 36 sekundar framom nummer to i tevlinga. Året etter vart ho i Budapest europameister for andre gong, der landskvinna Erica Alfridi syrgde for italiensk dobbeltsiger.
Frå 1999 tevla kvinnelege kappgjengarar på 20 kilometer i staden for 10 km i dei store internasjonale meisterskapane. Sidoti deltok internasjonalt til 2002, utan å kunne blande seg i medaljekampen i korkje VM, OL eller EM.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
endre- EM 1990 i Split: Gullmedalje på 10 km – 44.00, framom Olga Kardopoltseva (44.06)
- VM 1991 i Tokyo: Nr 9 på 10 km – 44.18
- OL 1992 i Barcelona: Nr 7 på 10 km – 45.23
- VM 1993 i Stuttgart: Nr 9 på 10 km – 44.13
- EM 1994 i Helsinki: Sølvmedalje på 10 km – 42.43, bakom Sari Essayah (42.37)
- VM 1995 i Göteborg: Nr 13 på 10 km – 44.06
- OL 1996 i Atlanta: Nr 11 på 10 km – 43.57
- VM 1997 i Aten: Gullmedalje på 10 km – 42.55, framom Olga Kardopoltseva (43.30)
- EM 1998 i Budapest: Gullmedalje på 10 km – 42.49, framom Erica Alfridi (42.54)
- VM 1999 i Sevilla: Braut 20 km
- OL 2000 i Sydney: Braut 20 km
- VM 2001 i Edmonton: Nr 8 på 20 km – 1.31.40
- EM 2002 i München: Nr 8 på 20 km – 1.31.19
Sidoti døydde i 2015 i heimbyen, nærare 46 år gammal.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Annarita Sidoti» frå Wikipedia på engelsk, den 11. august 2018.