Anne Merete Grosvold (fødd 1. januar 1950) er ein norsk journalist og programleiar i NRK. Ho er utdanna frå Norsk journalisthøgskole i Oslo.

Anne Grosvold

Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. september 1950 (73 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata
Yrke journalist, programleiar
Prisar TV-prisen, Gullrutens hederspris
Anne Grosvold på Commons

Med unntak av perioden 1987–1991, då ho var informasjonssjef i Justisdepartementet, har Grosvold sidan byrjinga av 1970-talet jobba i NRK. På 1980-talet var ho blant annan programsekretær ved NRK Nordland. Etter returen til NRK i 1991, var Grosvold programleiar i nyhendeprogram som Dagsnytt Atten, Dagsrevyen, Utenriksmagasinet og Redaksjon 21. I perioden 1993–1996 var Grosvold NRKs korrespondent i Asia med kontor i Beijing. Deretter leida ho Kulturuke (2000), Bokbadet, Grosvold (2000), Sommeråpent, Frokost-TV (2003) og Det svakeste ledd (2004). Ho har òg leia ei rekkje evenementsprogram, blant anna TV-aksjonen i 1998 og Brageprisen i 1999.

Frå september 2007 var Grosvold programleiar for talkshowet Grosvold på NRK1. Programmet overtok sendetida til Først og sist på fredagskvelden etter at programmet til Fredrik Skavlan vart lagt ned våren 2007. Programmet Grosvold gjekk i fire sesongar og hadde si siste sending mai 2009. I 2009 starta ho i samarbeid med Ronny Kristoffersen arbeidet på ein ny TV-serie som hadde premiere på NRK i 2010.[1]

I 1998 fekk Grosvold Den store journalistprisen, då ho var programleiar for Redaksjon 21. Ho har dessutan vunne prisar som årets TV-namn i 1996 og årets namn 1996 og 1997. I 2007 fekk Grosvold Seerprisen. I 2016 mottok ho heidersprisen under Gullruten 2016.[2]

I 2016 melde Grosvold seg inn i Arbeidarpartiet, og i samband med stortingsvalet 2017 vart ho innleia av partiet.[3][4]

Personalia endre

Grosvold har tre systrer som er mykje eldre enn ho er, sidan mor hennar fekk ho då ho var 48 år. Ho har ei dotter, Johanne, som jobbar for Reuters i London.[5]

Bibliografi endre

  • Norgess førstedamer: Fem portrett Gyldendal (2002). Skriven saman med Anne Torjusson Diesen og Hilde Hagevik Odde.

Programleiarjobbar endre

  • Er det sant, er det fælt (1991)
  • KulturEn (reporter) (1996)
  • Redaksjon 21 (som hovudprogramleiar frå 1996 til 1999) (1996–00)
  • Bokbadet (serien vart ikkje fjernsynssendt før hausten 1996, og frå 2006 berre sendt på Nett-TV på heimesida til Bokklubben) (1992–1993) & (1999–2004)
  • Grosvold (2000) (kulturprogram) (2000)
  • Kulturuke (2000)
  • Kongelige førstedamer (2001)
  • Frokost-TV (2001 & 2003-05)
  • Det svakeste ledd (2004)
  • Sommeråpent (2002–06)
  • Grosvold (2007–09)
  • Dagsnytt Atten (2009-15)

Referansar endre