Annie Pootoogook
Annie Pootoogook (1. januar 1969–19. september 2016) var ein kanadisk inuittisk kunstnar som var kjend for teikningar i penn og fargeblyant.[1] Pootoogook avbilda ofte erfaringar frå lokalsamfunnet sitt i Kinngait (då kjend under det engelske namnet Cape Dorset) i Nord-Canada, og minne og opplevingar frå sitt eige liv.
Annie Pootoogook | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 11. mai 1969 Kinngait |
Død |
19. september 2016 (47 år) |
Yrke | teiknar |
Far | Eegyvudluk Pootoogook |
Mor | Napachie Pootoogook |
Bakgrunn
endreAnnie Pootoogook blei fødd i 1969 i Cape Dorset (no Kinngait) i Canada. Pootoogook voks opp i ein kunstnarfamilie som alle var aktive i West Baffin Eskimo Co-operative, eit av dei fyrste kunstnarkooperativa skipa i nord i 1960.[2] Familien hennar dreiv med fleire ulike kunstmedium og stilar, og Pootoogook blei kunstinteressert frå ung alder. Mor hennar, Napachie Pootoogook, var hovudsakleg ein teiknar og far hennar, Eegyvudluk Pootoogook, dreiv med trykk og bilethogging i stein. Pootoogook var barnebarn av Pitseolak Ashoona, ein kjend biletkunstnar, niese til grafikaren Kananginak Pootoogook og syskenbarn til teiknaren Shuvinai Ashoona.[3]
Karriere
endrePootoogook byrja å laga kunst i 1997, då ho var 28. Ho utvikla talentet sitt ved å arbeida side om side med familiemedlemmer og eldre ved West Baffin Eskimo Co-operative i Cape Dorset (Kinngait) i Nunavut.[3] I byrjinga av karrieren blei ho ofte ofte fortald av leiarar ved kooperative at verka hennar om moderne inuittliv, som kommenterte forbrukarsamfunnet og sørlege påverknadar i nord, ikkje kom til å selja fordi dei gjekk imot dei rådende temaa dei rekna for å ha interesse i den sørlege kunstmarknaden - nemlig bilde frå inuittisk mytologi eller scener frå naturen.[4]
2000-talet var dei mest produktive åra til Pootoogook. Ho hadde to utstillingar ved Feheley Fine Arts i Toronto.[5] Direktøren for galleriet, Patricia Feheley, var den fyrste forhandlaren som viste fram verk av Pootoogook, fyrst i ei gruppeutstilling med tittelen The Unexpected i 2001, og seinare i ei separatutstilling med tittelen Annie Pootoogook—Moving Forward: Works on Paper i 2003.[6] Dette var den fyrste separatutstillinga hennar, og var viktig for karrieren hennar ettersom ho gjorde namnet hennar meir kjent. Det var mellom 2001 og 2007 at Pootoogook var mest produktiv i kunsten sin. I løpet av denne tida teikna ho intime interiørscener i heimen som skildrar alkoholisme, vald og overgrep i heimen, kvardagsopplevingane til ei kvinne som bur i Nord-Canada, vanskane nordlege samfunn står overfor, og innverknaden frå ny teknologi på tradisjonelle inuittar. Pootoogook stadfesta stilen og innhaldet sitt i denne perioden, og byrja å teikna bilete som lett kunne tilskrivast henne.
Etter ei ekstrem vellukka soloutstilling på The Power Plant Contemporary Art Gallery i Toronto i 2006, byrja Pootoogook å få nasjonal merksemd utanfor kunstverda og den inuittiske kunstmarknaden. Ho deltok på det viktige Glenfiddich Artists in Residence-programmet i Dufftown i Skottland. Dette var fyrste gong ho var ute av landet og arbeidde utanfor dei vanlege tidene ved Kinngait Studio. Ho syntest opplevinga var isolerande, men produserte ei rekkje rike og viktige under opphaldet. Pootoogook verka som uavhengig kunstnar i denne perioden, og forlet West Baffin Eskimo Co-operative i 2001.
I 2006 blei Pootoogook utropt til den fyrste inuittiske vinnaren av den prestisjetunge Sobey Art Award.[2] Det blei tilmed skipa ein ny kategori for at ho skulle kunna nominerast, "Prairies & the North". I tillegg til prispengane på 50 000 dollar fekk Pootoogook også ei utstilling ved Montreal Museum of Fine Arts. Med den nye offentlege anerkjenninga av arbeidet hennar og prisane bestemte Pootoogook seg for å bli verande i Montreal. Ho hadde det vanskeleg der utan støtte frå kooperativet og det gamle lokalsamfunnet.[2] Sjølv om ho vende tilbake til Kinngait i nokre månader, flytta ho snart sørover igjen, denne gongen til den kanadiske hovudstaden Ottawa, i håp om betre hell.[2] Pootoogook laga teikningar som dokumenterte livet hennar i byen, som Annie and Andre (2009).[7] I Ottawa arbeidde ho i lag med andre inuittiske kunstnarar, og stilte ut teikningane sine ved SAW Gallery.[8]
Emne
endrePootoogook var kjend for teikningar i penn og fargeblyant som avbilda daglegdags inuittliv.[1] Inuittisk liv og erfaringar påverka karrieren hennar sterkt, og gav henne motiv som ho seinare kom til å skildra i kunsten sin. Verka hennar tek hovudsakleg for seg tre ulike emnetypar: kvardagsopplevingane til kvinner i Nord-Canada, vanskane til nordlege lokalsamfunn og påverknaden av teknologi på tradisjonelle inuittiske levemåtar.[9] Ofte er heimlege scener kombinerte med avbildingar av alkoholisme og vald i heimen, slik at heimelivet opptrer meir trugande.
Verket hennar er sterkt inspirert av det til mora Napachie Pootoogook og bestemora Pitseolak Ashoona, som begge var kjende inuittiske kunstnarar. Som mora og bestemora arbeidde Pootoogook i den inuittiske tradisjonen sulijuk, som tyder 'det er sant'. Dette tyder at ho avbilda livet slik ho såg det, utan å leggja til mykje i ein komposisjon.
Pootoogook sine verk har gjerne likeframme titlar som fortel kva bildet viser, som Man Abusing his Partner, der ein ser ein mann som mishandlar kona eller sambuaren sin.
Stil
endreVerka til Pootoogook nyttar minimalistiske linjeteikningar med figurar sett framanfrå eller frå sida.[1] Kunstnaren bruker eittpunktsperspektivt for å gje ein illusjon av djupne, men manipulerer denne djupna ved å gjera perspektivet til motiva flatt.[1] Bilda hennar har ofte store flater med kvitt rom og avdempa fargebruk.[1] Verket hennar er blitt omtalt som «rudimentært» og «barnleg» ettersom det ikkje opprettheldt realisme i verken form eller rom.[10] Kunstkritikarane Bloom og Glasberg har sagt: "Her preferred medium of 'primitive' or child's crayon also refers back to the art market that has brought her recognition and success and suggests an untold story of pressured adaptation."[1]
Dr. Phil
endreEit kjent verk av Annie Pootoogook er Dr. Phil, som viser ei ung jente som ser det amerikanske fjernsynsprogrammet av same namn i heimen sin i Kinngait i Nunavut. Verket er ein typisk teikning av Pootoogook som viser påverknaden av teknologi på nordlege samfunn. Det inkluderer også klokkemotivet, som Pootoogook gjerne gjentok, og har ein liknande stil som andre verk av henne. Bruken av ein populær TV-personlegdom gjorde dette verket særmerkt. Tradisjonelt har inuittkunst ofte vist typiske aktivitetar i nordlege samfunn, som jakt, fiske og åndelege hendingar. Bruken hennar av ikkje-tradisjonelle bilde appellerer til samtidskunstsamlarar, som ofte ikkje er like interesserte i tradisjonell inuittkunst eller levesett.[5]
Prisar og utmerkingar
endreI november 2006 vann ho Sobey Art Award og blei gjeven ein prissum på 50 000 kanadiske dollar.[11] Sobey Award blir gjeven til ein kunstar som er 39 år eller yngre og har synt fram kunst i eit galleri i Canada i dei siste 18 månadane. Pressemeldinga i samband med tildelinga skreiv at "her work reflects both the current moment of a specific tradition and of a contemporary drawing practice."[11]
Etter å ha vunne Sobey Award heldt ho fram med å få merksemd. Ho stilte ut på store kunstutstillingar som Biennale de Montreal, Art Basel og Documenta 12. Pootoogook var den fyrste inuittiske kunstnaren til å delta på Documenta, ei utstilling av samtidskunst halden i Kassel i Tyskland.[12]
Frå 2009 til 2010 blei verka hennar viste i soloutstillingar ifleire galleri, mellom anna Agnes Etherington Art Centre i Kingston i Ontario, National Museum of the American Indian i Washington, D.C. og George Gustav Heye Centre på Manhattan i New York. I 2010 blei verk av henne også stilte ut ved Biennale of Sydney.
Pootoogook tok del i ei av dei siste utstillingane sine i 2012 ved Massachusetts Museum of Contemporary Art. Utstillingar, med tittelen Oh, Canada, hadde Denise Markonish som kurator, og viste verk av 62 kanadiske kunstnarar, mellom dei av Pootoogook si kusine Shuvinai Ashoona.[13][14][15] Pootoogook var den einaste professsjonelle kunstnaren frå Ottawa-regionen som var representert i utstillinga.
7. november 2021 blei Annie Pootoogook Park vigd til kunstnaren. Parken ligg ved sida av Sandy Hill Community Centre og University of Ottawa i Ottawa. Innviingsseremonien blei halden på International Inuit Day, og hadde fleire medlemmer av Pootoogook sin familie til stades, mellom anna den ni år gamle dottera hennar, inuittiske eldre og den fyrste inuittiske guvernør-generalen i Canada, Mary Simon.[16]
Samlingar
endreDød
endreAnnie Pootoogook drukna i Rideau-elva i Ottawa 19. september 2016, i det politiet erklærte som eit mistenkeleg dødsfall.[21][5][22] Liket hennar blei funne ein kort tur unna herberget ho hadde budd i.[23] To obduksjonar fann at dødsårsaka var drukning, men det blei aldri erklært at nokon andre hadde drukna henne.[24]
Etter dødsfallet skreiv etterforskingsleiaren Chris Hrnchiar på internett at det var truleg Pootoogook hadde døydd på grunn av alkoholisme eller narkotikamisbruk på grunn av etnisiteten sin, kommentarar som blei fordømde og erklærte som rasistiske.[22] Før etterforskinga skreiv han «it's not a murder case» på sosiale medium.[23] Etter dette blei oppførselen til Hrnchiar etterforska.[9] I november 2016 erklærte Hrnchiar seg skuldig til to punkt av «discreditable conduct» under loven Police Services Act, og for å ha kommentert ei open etterforsking.[2][22]
Liket til Annie Pootoogook blei sendt tilbake til heimstaden, der det blei halde ei gravferd for henne.[3] Heile seremonien blei utført på morsmålet hennar inuktitut. Den yngste dottera til Pootoogook var til stades ved gravferda, og møtte der mange fjernare slektningar for fyrste gong.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Marching, Jane D. and Andrea Polli (2012). Far Field: Digital Culture, Climate Change, and the Poles. Chicago, IL: Intellect, The University of Chicago Press. s. Chapter 8.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Campbell, Nancy, 1965-. Annie Pootoogook : life & work. Art Canada Institute, 2020. Toronto, Ontario. ISBN 978-1-4871-0234-0. OCLC 1156663366.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Bingham, Russell (17 December 2013). «Annie Pootoogook». The Canadian Encyclopedia.
- ↑ Campbell, Nancy, 1965-. Annie Pootoogook : life & work. Art Canada Institute, 2020. Toronto, Ontario. ISBN 978-1-4871-0234-0. OCLC 1156663366.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Everett-Green, Robert; Galloway, Gloria (1 October 2016). «Annie Pootoogook: A life too short, built on creativity but marred by despair». The Globe and Mail. Henta 20 April 2017.
- ↑ Campbell, Nancy G. (2020). Annie Pootoogook : life & work (PDF). Toronto, ON: Art Canada Institute. s. 8. ISBN 9781487102340.
- ↑ Burant, Jim (2022). Ottawa Art & Artists: An Illustrated History (på engelsk). Toronto: Art Canada Institute. ISBN 978-1-4871-0289-0.
- ↑ Burant, Jim (2022). Ottawa Art & Artists: An Illustrated History (på engelsk). Toronto: Art Canada Institute. ISBN 978-1-4871-0289-0.
- ↑ 9,0 9,1 Milroy, Sarah (23. september 2016). «Inuit artist Annie Pootoogook's work revealed the connections between us». The Globe and Mail. Henta 20. april 2017.
- ↑ «Annie Pootoogook». feheleyfinearts.com. Feheley Fine Arts. Henta 20 April 2017.
- ↑ 11,0 11,1 «Inuit artist Pootoogook wins $50,000 Sobey Art Award». CBC News. 7 November 2006. Henta 20 April 2017.
- ↑ «Cape Dorset artist gets prestigious invitation to German art show». CBC News. 2 November 2006. Henta 20. april 2017.
- ↑ Balzer, David (2011). «Shuvinai Ashoona». The Believer (November/December). Henta 10. mars 2015.
- ↑ Tousley, Nancy. «Oh, Canada: National Dreams». Canadian Art. Arkivert frå originalen 6 March 2015. Henta 10 March 2015.
- ↑ Massachusetts Museum of Contemporary Art; Markonish, Denise (2012). Oh, Canada: Contemporary art from north North America. Cambridge, MA: MIT Press. ISBN 9780262018357.
- ↑ Decaire, Celeste (7 November 2021). «Ottawa park dedicated to late Inuk artist». CBC. Henta 12 November 2021.
- ↑ «AGO acquires three new works at Toronto International Art Fair | AGO Art Gallery of Ontario». www.ago.net. Arkivert frå originalen 29. januar 2022. Henta 24. november 2022.
- ↑ «Composition (Chinese Checkers)». collections.mcmichael.com (på engelsk).
- ↑ «Annie Pootoogook: Composition (Windswept Hair)». mfah.org.
- ↑ «Annie Pootoogook». gallery.ca.
- ↑ «Inuk artist Annie Pootoogook found dead in Ottawa». CBC News. 23. september 2016. Henta 5 March 2017.
- ↑ 22,0 22,1 22,2 «Police officer pleads guilty to making racist comments about dead Inuk artist». CBC News. 1 November 2016. Henta 20. april 2017.
- ↑ 23,0 23,1 Galloway, Gloria; Blaze Baum, Kathryn; Everett-Green, Robert (16. mai 2018). «Ottawa police probe officer’s remarks about suspicious death of Inuit artist». The Globe and Mail. Henta 2. mai 2019.
- ↑ Trinh, Judy (24 October 2017). «Annie Pootoogook suspicious death investigation expected to be inconclusive». CBC. Henta 2. mai 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Annie Pootoogook» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Allen, Jan. Annie Pootoogook: Kinngait Compositions. Kingston, ON: Agnes Etherington Art Centre, 2011. ISBN 9781553392606
- Burant, Jim. Ottawa Art & Artists: An Illustrated History. Toronto: Art Canada Institute, 2022. ISBN 978-1-4871-0289-0
- Campbell, Nancy. Annie Pootoogook: cutting ice = Ini Putugu: tukistittisimavuq takusinnggittunik. Fredericton, NB: Goose Lane Editions with McMichael Canadian Art Collection, 2017. ISBN 9781773100692
- Campbell, Nancy. Annie Pootoogook: Life & Work. Toronto: Art Canada Institute, 2020. ISBN 9781487102333