Napachie Pootoogook
Napachie Pootoogook (26. juni 1938–18. desember 2002) var ein kanadisk inuittisk biletkunstnar.[1]
Napachie Pootoogook | |
Statsborgarskap | Canada |
Fødd | 26. juni 1938 Baffinøya |
Død |
18. desember 2002 (64 år) |
Yrke | kunstmålar, grafikar, teiknar |
Mor | Pitseolak Ashoona |
Born | Annie Pootoogook |
Liv og familie
endreNapachie Pootoogook er den einaste dottera til den anerkjende kunstnaren Pitseolak Ashoona.[2] Ho blei fødd i Sarruq Island-leiren nær sørdelen av Baffinøya.[2] Far hennar døydde då ho var seks eller sju år gammal. Etter at han var død levde ho i lag med mor si og fem brør i ein tradisjonell nomadisk livsstil, og overlevde med støtte frå lokalsamfunnet.[3] Med støtte frå mor si byrja Napachie å teikna tidleg i tjueåra, og utvikla sin eigen unike stil og synspunkt.[4] Brørne hennar, Kiugak og Qaqaq Ashoona, er kjende bilethoggarar. Også to av svigerinnene hennar, Mayureak og Sorosiluto Ashoona, er kjende grafiske kunstnarar.
På midten av 1950-talet gjekk Napachie inn i eit arrangert ekteskap med Eegyvudluk Pootoogook, ein inuittisk grafikar og utskjerar, sjølv om vanskane ho såg i det arrangerte ekteskapet til foreldra hennar gjorde henne nølande til å sjølv gjera dette. Dei gifta seg i Kaiktuuq i Nunavut, og flytta deretter til Cape Dorset (Kinngait). Her budde dei mesteparten av ekteskapet sitt, bortsett frå to år då dei budde i Iqaluit.[5] Pootoogook og mannen hennar fekk elleve born, men fleire døydde unge. To born døydde i ein husbrann på byrjinga av 1960-talet, og ei av døtrene døydde kort tid etter.[3] Dottera Annie Pootoogook, som voks opp, blei oppdregen med den kunstneriske arven til familien, og kom til å bli ein viktig samtidskunstna, kjend for trykk og teikningar. Napachie fekk også mange barnebarn.[3]
Pootoogook døydde av kreft i Cape Dorset då ho var 64 år gammal.[6]
Det einaste tale- og skriftspråket til Pootoogook var inuktitut.[3]
Verk
endrePootoogook byrja å teikna tidleg i tjueårene med støtte frå mor si.[2] Som mange inuittkunstnarar tok ho teikningane sine med til den Cape Dorset-baserte samskipnaden West Baffin Eskimo Co-operative (no kjend som Kinngait Co-operatives), ein institusjon som kjøpte inn kunstverk og tilbaud kunstklasser. Pootoogook selde sine fyrste teikningar til James Archibald Houston for 20 dollar då ho var 25 år gamal.[7]
Ho heldt fram med å teikna og trykka fram til ho døydde, og produserte meir enn 5000 originale verk.[5]
Verk av Pootoogook var med i fjorten Cape Dorset-trykksamlingar, og har vore med i mange antologiar av inuittisk kunst sidan 1960-talet.[1]
Inspirasjon og tema
endreMykje av dei tidlege verka til Pootoogook dokumenterte tradisjonell inuittisk spiritualitet, mytologi og overtru.[2]> På 1970-talet byrja ho å bruke kunsten sin til å dokumentera tradisjonelt levesett og klede frå inuittane, i tillegg til lokale soger.[2] Teikningane ho laga mot slutten av karrieren fortel historier frå det personlege livet hennar og dei til forfedrane hennar til to generasjonar tilbake.[8] Nokre av dei seinare verka hennar illustrerte mørkare aspekt ved inuittlivet - tema som vald i nære relasjonar, svolt, tvangsekteskap og barnemord.[8]
Teknikkar og metodikk
endrePootoogook nytta hovudsakleg akrylmåling, svart tusjpenn eller fargeblyant.[2]
Kunststilen hennar endra seg etter at ho fullførte kurs i akrylmåling og teikning ved West Baffin Co-operative i 1976. Etter å ha teke desse kursa hadde kunstverka hennar fleire landskap og vestlege oppfatningar av rom-komposisjon.[2]
Seinare i karrieren, då ho skildra hendingar frå livet sitt, eksperimenterte Pootoogook med figurteikning og litografi.[8]
Kunstnarisk karriere
endreUtstillingar
endreI 1979 var verka hennar med i utstillinga Images of the Inuit from the Fraser Collection ved Simon Fraser University i British Columbia.[9]
I 1999 heldt McMichael Canadian Art Collection ei utstilling som heitte Three Women, Three Generations: Drawings by Pitseolak Ashoona, Napachie Pootoogook & Shuvinai Ashoona.[1]
I 2002 heldt Albers Gallery of Inuit Art i San Francisco utstillinga Napachie Pootoogook: Drawings.[1]
I 2005 blei verka hennar viste saman med dei til dottera Annie Pootoogook på Feheley Fine Arts Gallery i Toronto i Ontario. Utstillinga heitte Windows on Kinngait, og var fyrste gong dei to hadde verka sine vist saman utanfor Kinngait.[10]
I 2014 arrangerte Feheley Fine Arts Gallery ei utstilling av rundt 150 teikningar utført av Pootoogook frå 1996-2001 i utstillinga Napachie Pootoogooko: True North.[8]
I 2016 var verk av Pootoogook med i utstillinga Akunnittinni: A Kinngait Family Portrait saman med mor si Pitseolak Ashoona og dottera Annie Pootoogook. Utstillinga var kuratert av Candice Hopkins ved Institute of American Indian Arts i Santa Fe.[11]
Museumssamlingar
endreDet er verk av Napachie Pootoogook i dei permanente samlingane til Art Gallery of Greater Victoria, Glenbow Museum i Calgary, Museum of Anthropology ved University of British Columbia i Vancouver, Musée national des beaux-arts du Québec,[12] Royal Ontario Museum i Toronto, Winnipeg Art Gallery,[13] Canadian Museum of Civilization i Ottawa,[9] University of Michigan Museum of Art[14] og Metropolitan Museum of Art i New York.[15]
Strupesong
endreI tillegg til evnene sine som biletkunstnar var Pootoogook òg ein dyktig strupeesongar.[1] Dokumentarfilmen Quanak & Napachie frå 1993 dokumenterte songen hennar og framsyninga hennar i Ottawa under ei feiring av Canadadagen. Strupesongen hennar var òg med i filmen Glory & Honor.[16]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Napachie Pootoogook». Canada House Gallery.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 Routledge, Marie (2013). "Napachie Pootoogook", North American Women Artists of the Twentieth Century: A Bibliographical Dictionary. New York: Routledge Publishing.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 Pootoogook, Napachie (1994), «My Mother's Teachings», i Leroux; Jackson; Freeman, Inuit Women Artists: Voices from Cape Dorset, Vancouver: Canadian Museum of Civilization, s. 135–138
- ↑ «"Mannaruluujujuq" (Not So Long Ago): The Memories of Napachie Pootoogook» (PDF). Inuit Art Quarterly 20 (3): 9–16. Fall 2005. Arkivert frå originalen (PDF) 24. juni 2016. Henta 23. september 2016.
- ↑ 5,0 5,1 Leroux; Jackson; Freeman, red. (1994), «Napachie Pootoogook», Inuit Women Artists: Voices from Cape Dorset, Vancouver: Canadian Museum of Civilization, s. 134
- ↑ «Napachie Pootoogook». National Gallery of Canada.
- ↑ Crandall, Richard C. (2000). Inuit Art: A History. Jefferson, North Carolina: McFarland & Company.
- ↑ 8,0 8,1 8,2 8,3 Boyd, Leslie. «Napachie Pootoogook 'True North' Exhibition».
- ↑ 9,0 9,1 Stefania., Tiberini, Elvira (2011). Women in charge : artiste Inuit contemporanee = Inuit contemporary women artists = artistes Iunuit contemporaines. Museo preistorico-etnografico Luigi Pigorini. Milano: Officina libraria. ISBN 9788889854655. OCLC 778841636.
- ↑ Rose, Tina (June 24, 2005). «Mother, daughter art team capture contemporary Cape Dorset: Toronto exhibit shows some of the darker realities of Inuit life». Nunatsiaq Online.
- ↑ «Akunnittinni: A Kinngait Family Portrait—Pitseolak Ashoona | Napachie Pootoogook | Annie Pootoogook > Institute of American Indian Arts (IAIA)». Institute of American Indian Arts (IAIA) (på engelsk). Henta 23. september 2017.
- ↑ «Pootoogook, Napatchie».
- ↑ «GN2004.20.24 Kayak Race Napachie Pootoogook » WAG».
- ↑ «Exchange|Search: artist:"Napachie Ashoona Pootoogook"». exchange.umma.umich.edu. Henta 4. januar 2021.
- ↑ «Reconciliation, 2003». www.metmuseum.org. Henta 4. januar 2021.
- ↑ Petten, Cheryl (August 2005). «Napachie Pootoogook: artist captures experiences for future generations». Windspeaker: 18–19.
- Denne artikkelen bygger på «Napachie Pootoogook» frå Wikipedia på engelsk, den 23. august 2024.