Apen drill
Drill (Mandrillus leucophaeus) er ein utryddingstruga dyreape som lever i mellom anna Kamerun og Nigeria. Han utgjer slekta mandrillar (Mandrillus) saman med mandrillen, og er også i slekt med bavianar.
Drill | |
Drill | |
Drillhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Sterkt truga[1] Utbreiinga av drill | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Primatar Primates |
Familie: | Dyreapar Cercopithecidae |
Slekt: | Mandrillus |
Art: | Drill M. leucophaeus |
Vitskapleg namn | |
Mandrillus leucophaeus |
Skildring
endreDrillen kan ha ei lengd på opptil 70 cm og ein hale på rundt 12 cm. Hannane er større enn hoene, dei kan vera opptil dobbelt så tunge. Gjennomsnittsvekt for hannar er 32,3 kg medan ho er 11,7 kg for hoer.[2]
Dyret er dekt av mørekbrun eller svartleg pels med ein kvit hårkrans rundt andletet. Andlet og bakdel er hårlause. Andletet er svart. Det har lang snute med tydelege langsgåande kantar. Baken kan vera blå til purpurraud.[3]
Utbreiing
endreDrill lever i regnskogområde søraust i Nigeria, vest i Kamerun[3] og på øya Bioko, som høyrer til Ekvatorialguinea. Bestanden på denne øya utgjer ein eigen underart, Mandrillus leucophaeus poensis.
Levesett
endreApen lever i grupper på rundt 25 individ. Kvar gruppe er sett saman av ein hann og fleire hoer og ungane deira. Ulike grupper kan gå saman til ei storgruppe på opptil 200 individ. Drilla kommuniserer med kroppsspråk og ulike skrik.
Han er dagsaktiv og går hovudsakleg på alle fire på bakken. Hoer kan av og til klatra opp i låge greiner med ungane sine.
Drill er ein altetar som finn føda på bakken. Han har eit variert kosthald av plantar som frukt og nøter, sopp, insekt og tidvis små pattedyr.[3]
Lite er kjend om forplantinga til arten. Hoene syner at dei er paringsklare gjennom ein meir intens farge i baken. Dei er drektige i 6-7 månader. Som regel føder dei berre ein unge om gongen.
Trugsmål
endreDrill er truga av jakt og tap av leveområde ettersom skogen blir gjort om til jordbruksjord. Arten er svært sjeldan og har truleg berre 3000 nolevande individ. Korup nasjonalpark i Kamerun blei danna for å verna drillen. Framtida til arten er likevel uviss, og han er framleis rekna som «sterkt truga» av IUCN.
Kjelder
endre- ↑ Mandrillus leucophaeus på IUCN si raudliste, Butynski et al (2000), versjon 6. mai 2006
- ↑ Gron KJ (14. oktober 2009), Primate Factsheets: Drill (Mandrillus) Taxonomy, Morphology, & Ecology, henta 3. januar 2013
- ↑ 3,0 3,1 3,2 «drill – primatart» i Store norske leksikon.
- Denne artikkelen bygger på «Drill (djur)» frå Wikipedia på svensk, den 3. januar 2013.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Ronald M. Nowak: Walker's Mammals of the World. Johns Hopkins University Press, 1999 ISBN 0-8018-5789-9
Bakgrunnsstoff
endre- Drill, Mandrillus
- Drill (Mandrillus leucophaeus), Arkive, arkivert frå originalen 14. juli 2015, henta 3. januar 2013