Alpeseglar

fugleart
(Omdirigert frå Apus melba)

Alpeseglar (Tachymarptis melba, tidlegare Apus melba) er ein fugleart frå seglarfamilien (Apodidae). Arten koloniserer store delar av Sør-Europa, utbreiingsområdet strekker seg austover i Sentral-Asia til Himalaya, India, Sri Lanka, han lever dessutan i fleire område av Afrika.

Alpeseglar

Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring

██ Berre hekking ██ Hekke og overvintring ██ Overvintring

Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Seglarfuglar Apodiformes
Familie: Seglarar Apodidae
Underfamilie: Apodinae
Slekt: Tachymarptis
Art: Alpeseglar T. melba
Vitskapleg namn
Tachymarptis melba

Skildring endre

 
Nærbilete, hovud og føter

Alpeseglarar er typiske seglarar med ein straumlinjeforma, langstrekt kropp og sigdforma, lange, spisse venger. Halen er tydeleg gaffelforma. Med ei kroppslengde på 20 til 23 centimeter, eit vengespenn på 51 til 58 cm og ein masse på 76 til 125 gram, er alpeseglar den klart største seglaren i det vestlege Palearktis. Hannane er i gjennomsnitt ca. 2 % større enn hoer.[1] Bortsett frå storleiken, skil arten seg frå alle andre seglarar i det vestlege Palearktis med markeringane på undersida. Strupeområdet og heile buken er rein kvit, avbrote av eit skarpt definert, mørkt brystband. Resten av undersida og heile oversida er brun til gråbrun. Nebbet er svart, iris er brunsvart. Føtene er kjøttfarga, tærne er mørkebrune og klørne er svarte.

Lætet er ei langtrekt trille som fell av litt på slutten.

Utbreiingsområde endre

Det er identifisert 10 underartar, kvar med sitt utbreiingsområde og sine trekkvanar. Desse er:[2]

  • T. m. melba, (Linnaeus, 1758), Sør-Europa austover gjennom Tyrkia til nordvestre Iran, overvintrar i Afrika. Den nordlege utbreiingsgrensa i Europa går gjennom sørvest-Tyskland og nordlege Romania.
  • T. m. tuneti, (Tschusi, 1904), Marokko austover gjennom Midtausten til vestre Pakistan, overvintrar i både vestre og Aust-Afrika
  • T. m. archeri, (Hartert, E, 1928), nordlege Somalia, nordover til sørvestre Arabiske halvøy, Jordan og Israel
  • T. m. maximus, (Ogilvie-Grant, 1907), standfuglar i Rwenzori-fjella, i Uganda og nordaustre DR-Kongo
  • T. m. africanus, (Temminck, 1815), frå Etiopia sør til Sør-Afrika og i sørvestre Angola, dei sørlegaste populasjonane trekker nordover vinterstid
  • T. m. marjoriae, (Bradfield, 1935), Namibia og tilgrensande område i Sør-Afrika
  • T. m. willsi, (Hartert, E, 1896), Madagaskar
  • T. m. nubifugus, (Koelz, 1954), Himalaya
  • T. m. dorabtatai, (Abdulali, 1965), vestlege India
  • T. m. bakeri, (Hartert, E, 1928), Sri Lanka

Alpeseglarar i Europa er trekkfuglar og overvintrar i tropisk Afrika. Dei eksakte overvintringsstadene er ikkje kjente. Avhengig av vêret forlèt hekkefuglar i nord i utbreiingsområdet for det meste koloniane i byrjinga av september. Dei siste observasjonane i Sveits som heilskap er gjort i november, unntaksvis tidleg i desember.

Tilbaketrekkinga frå vinterkvarteret er ukjend, i det nordvestlige Marokko byrjar trekkrørsla tidleg i mars, når høgdepunktet sitt i byrjinga av april og går ut i midten av mai. Dei første fuglane returnerer til Europa (Sveits) i slutten av mars eller byrjinga av april.

Alpeseglarar blir nokre gonger funne som tilfeldige streiffuglar. Det er registrert fire observasjonar i Karibia, fleire hundre i Storbritannia.[2] I Noreg er det berre sju godkjente observasjonar frå år 2000 til 2018. Dei blei funne lengst sør i landet og hende i mai og om hausten frå september til november.[3]

Føde endre

Som andre seglarar, tar alpeseglar all føde i lufta, dei et «luftplankton». Dette er små insekt og andre leddyr som flyg høgt i lufta eller som blir ført av stad av vinden. I ei undersøking frå ulike stader i Sveits på 10 «fôrballar» inneheldt 11 til 684, i gjennomsnitt 276 byttedyr. Dei inneheldt til saman 1011 nebbmunnar (av dei 668 bladlus og 314 sikadar), 692 tovenger, 301 årevenger, 207 biller, 93 vevkjerringar, 19 nettvenger, 16 sommarfuglar, 14 steinfluger, 14 rettvenger og ei vårfluge.[1]

Reproduksjon endre

 
Alpeseglaregg frå samling i Marokko

Det føretrekte hekkehabitatet for alpeseglarar i nordvestre delen av utbreiingsområdet er i varm, temperert sone og gjerne nokså høgt i fjellområde. I Afrika sør for Sahara og i Sør-Asia er habitata meir varierte i halvørken og fjellområde, mest typisk hekkar dei under 1500 moh., men i Kenya kan dei hekke over 4000 moh.[2]

Alpeseglar hekkar i koloniar, naturlege kolonistader er sprekkar og skjerma nisjar i bratte fjellskrentar, men også berggrotter og gjennombrot i fjell, i middelhavsområdet nokon gonger òg direkte i klipper nede på havnivå. I fleire hundreår har arten òg brukt bygningar til kvile og reirplassar. Bygningane som er brukte er vanlegvis frie eller stikk monaleg over dei omkringliggande bygga. Reira er vanlegvis plasserte i holrom som takstolar, i takboksar, bak trekledning eller i rugekassar. Inngangen skjer gjennom minst 7 cm høge hol av alle slag. Reiret ligg ofte rett bak inngangsholet, men også fleire meter innover eller under inngangsholet. Reir kan meir sporadisk byggast på utsida av bygningar, t.d. bak klokkeflater av kyrkjeur, på dekorasjonar eller gesimsar.

Reirbygginga byrjar minst 4–5 veker før egglegging, gjerne i midten av april. Reiret består av plante-, animalsk eller kunstig materiale (fjør eller papir, plast) samla i lufta, som dei stikk saman med spytt og føyer saman for å danne eit skal. Dei bygger vanlegvis reiret på horisontale eller skrå flater, sjeldan òg limd til vertikale veggar i sprekkar.

Perioden for egglegging er mykje avhengig av vêret. Ein har undersøkt ein koloni i Sveits over fleire tiår, her starta egglegging tidlegast 7. mai i varmt vêr, og seinast 5. juni i kaldt vêr. Kullet består vanlegvis av 1–3, sjeldan 4 egg; desse er reint kvite, ovale, og i kolonien målt i gjennomsnitt 30,5 × 19,2 mm.[1] Begge foreldra rugar vekselvis; rugetida er 17-23, i gjennomsnitt 20 dagar. I Sveits klekker egga mellom juni og byrjinga av juli. Foreldra forsyner ungfuglane med fôrballar laga av insekt og vevkjerringar. Reirperioden er 53–66 dagar, med eit gjennomsnitt på 57 dagar. Etter at ungane har forlate reirplassen er dei umiddelbart uavhengige, kjem ikkje tilbake til reiret dette året og flyg til vinterkvartalet før dei vaksne fuglane.

Den kjente maksimalalderen for ein ringmerkt alpeseglar er 26 år, andre merkte fuglar var 22 og 21 år gamle.

Vern og status endre

Storleiken på den globale populasjonen er rekna å ligge mellom 1 til 2,5 millionar modne individ og er trudd å vere stabil. Arten er vanleg i Sentral-Asia og Tyrkia. I Sveits har bestanden synt seg å variere og å vere sårbar for skiftande vêrtilhøve, men har auka etter 1990 med hjelp av rugekassar spesielt utforma for denne arten.[2] Trugsmåla mot denne arten er generelt aukande bruk av plantevernmidlar som reduserer mengd og mangfald av insekt. I følgje Birdlife International blir arten rekna som globalt livskraftig, LC.[4]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 U. N. Glutz v. Blotzheim und K. M. Bauer Handbuch der Vögel Mitteleuropas. Band 9., 2. Aufl., AULA-Verlag, Wiesbaden, 1994, ISBN 3-89104-562-X
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Chantler, P., E. de Juana, G. M. Kirwan, og P. F. D. Boesman (2020). Alpine Swift (Apus melba), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, Red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.alpswi1.01
  3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 28. mars 2021. 
  4. BirdLife International (2021) Species factsheet: Tachymarptis melba. Henta frå http://www.birdlife.org den 28. mars 2021

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Alpeseglar