Argalisau

pattedyrart
(Omdirigert frå Argali)

Argalisau (Ovis ammon) er ein partåa klauvdyrart i underfamilien Caprinae i oksefamilien som kjem frå fjellområde i Sentral-Asia. Han er rekna som nær truga.

Argalisau
Argalisau
Argalisau
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Argalisau
Utbreiinga av Argalisau
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Kvegdyr Bovidae
Slekt: Ovis
Art: Argalisau O. ammon
Vitskapleg namn
Ovis ammon
Teikning av argalisau.

Argali er ein villsau som er stor og kraftig, med ei vekt oppimot 150 kg eller meir for hannar, noko mindre enn hoer. Fargen er gråbrun med lys underside. Sauen har kraftige snodde horn som kan bli opptil 190 cm lange frå rot til spiss. Begge kjønn har horn, hoa noko mindre enn hannan.

Sauen lever i flokkar på 8–10 dyr, og er svært sky. Aragalisau har eit stort utbreiingsområde, men populasjonane lever spreidd og det finst fleire ulike underartar. Klassifikasjonen av desse er ikkje heilt fastlagd, men ein opererer gjerne med ni underartar: O. a. ammon, O. a. collium, O. a. comosa, O. a. darwini, O. a. hodgsoni, O. a. karelini, O. a. nigrimontana, O. a. polii og O. a. severtzovi.

Kjelder

endre
  • «Argalisau» (12. mars 2014), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 29. november 2014.
  • Harris, R.B. & Reading, R. «Ovis ammon». The IUCN Red List of Threatened Species. Version 2014.3. Vitja 29. november 2014.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Argalisau