Arilena Ara (fødd 17. juli 1998 i Shkodër), også kjend som berre Arilena, er ein albansk songar.[1]

Arilena Ara

Fødd17. juli 1998 (26 år)
FødestadShkodër
AliasArilena
OpphavAlbania
Aktiv2012–
Sjangerpop, dansemusikk, rhythm and blues
Instrumentvokal
Verka somsongar, komponist

Ara vart kjend i den albansk-talande verda etter at ho vann den andre sesongen av albanske X Factor.[1][2] Ara vann òg den 58. utgåva av Festivali i Këngës i desember 2019 og skulle ha representert Albania i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Fall from the Sky». Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[3][4][5][6][7]

Bakgrunn

endre

Ara vart fødd i Shkodër i Albania. Ho byrja å syngje som barn og deltok i barnesongtevlinga Gjeniu i Vogël («vesle geni»). Der enda ho på tredjeplass.

I 2012 melde Ara seg på den andre sesongen av X Factor Albania, og ho prøvesong i hovudstaden Tirana. Ho vart plukka ut vidare og hadde songaren Altuna Sejdiu som mentor i jente-kategorien. Ara vann til slutt finalen av X Factor Albania 31. mars 2013.[8]

26. februar 2014 slapp Ara sin fyrste musikkvideo-single «Aeroplan», som vart ein listesuksess i Albania.[9] Songen hadde 2 millionar visingar på YouTube i løpet av 12 timar, og hennar neste singel, «Business Class», nådde 1 million visningar på YouTube på ni timar. Hennar tredje singel, «Vegim», var tileigna den avlidne faren hennar.[10] I 2019 slapp ho songen «Nëntori», som òg oppnådde popularitet utanfor Albania. Blant anna toppa songen den rumenske hitlista Airplay 100 i august 2017.[11]

I 2019 var Ara mentor og dommar i den tredje sesongen av The Voice Kids Albania.[12] Seinare same år deltok ho i den albanske songtevlinga Festivali i Këngës, der ho vann med songen «Shaj». Med sigeren skulle ho ha representert heimlandet i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai 2020. I Eurovision Song Contest fekk songen engelsk tekst og tittelen «Fall from the Sky».[6]

På grunn av koronavirusutbrotet vinteren 2020 vedtok EBU å avlysa Eurovision Song Contest. Dette vart gjort for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19 i Europa.[13]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Arilena Ara–Biografia». Henta 13. juli 2019. 
  2. «Arilena Ara–Bio» (på albansk). Top Music Awards 2016. Henta 30. november 2019. 
  3. «Festivali i 58-të i Këngës në RTSH, juria përzgjedh 20 këngëtarët pjesëmarrës» (på albansk). Radio Televizioni Shqiptar. 24. oktober 2019. 
  4. «Arilena Ara–Biografia» (på albansk). Festivali i Këngës. Henta 30. november 2019. 
  5. «It's Arilena Ara for Albania! - Eurovision Song Contest». European Broadcasting Union. 23. desember 2019. 
  6. 6,0 6,1 «Albania: Arilena Ara will Fall From The Sky at Eurovision 2020». 9. mars 2020. Henta 9. mars 2020. 
  7. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  8. Panorama: Arilena Ara: - Kënga me Tunën është gati, klipi do të vijë kur të jetë momenti Arkivert 3. juni 2014 ved Wayback Machine.
  9. «Arilena Ara will represent Albania at Eurovision 2020». 23. desember 2019. Henta 27. desember 2019. 
  10. «INTV» (på albansk). Henta 27. desember 2019. 
  11. «Airplay 100 – 20 august 2017». Media Forest (på rumensk). Kiss FM. 20. august 2017. Henta 21. august 2017. 
  12. «ARILENA ARA, GATI PËR KËTË UDHËTIM TË RI NË "THE VOICE KIDS"». 
  13. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.