Arne Kielland (8. september 19396. juli 2003) var ein norsk journalist og politikar frå Bø i Telemark. Han var etter tur medlem av både Venstre, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Arne Kielland
Fødd8. september 1939
Skien kommune
Død6. juli 2003 (63 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre, Arbeidarpartiet, Sosialistisk Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar, redaktør
Alle verv

Liv og gjerning endre

Kielland vart tilsett som landssekretær for Norges Unge Venstre i 1958, men braut med partiet Venstre og melde i 1959 seg inn i Arbeidarpartiet. Han tok initiativ til «Ungdomsaksjonen for samnorsk», som seinare vart til Landslaget for språklig samling.

Kielland arbeidde som journalist i Porsgrunns Dagblad. I 1963 deltok han som sersjant eit halvt år i FN sin fredsbevarande styrke i Kongo. Gjennom 1964-65 heldt han seg i sju månader i landområdet Biafra i Nigeria, eit område som to år seinare søkte å bryte ut or den nigerianske staten.

Kielland var formann for AUF i Telemark 1966-67. I 1967 tok han magistergraden i statsvitskap ved Universitetet i Oslo og var i perioden 1967-69 redaksjonssekretær i Arbeidets RettRøros.

Han var frå 1969 stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag. Som medlem av Justiskomiteen var han særleg oppteken av avkriminaliseringa av mannleg homofili. Han fremja i 1970 ein interpellasjon om å oppheve lovparagrafen. Kielland var saksordførar for det som enda med at paragrafen vart fjerna i 1972, avslutninga av det han kalla «denne skampletten i straffeloven».

Han forlet Arbeidarpartiet etter folkerøystinga om EF i 1972, og melde seg inn i Sosialistisk Folkeparti 25. september 1972, same dag som folkerøystinga fann stad. Tidspunktet vart vald for å vise at utfallet av folkerøystinga ikkje spela ei rolle for partiskiftet. Han vart attvald til Stortinget hausten 1973 for Sosialistisk Venstreparti i Telemark. I si tid som stortingsrepresentant var han medlem av Justiskomiteen 1969-73, Utanriks- og konstitusjonskomiteen 1973-75 og Forsvarskomiteen 1975-77.

Etter tida på Stortinget var Kielland knytt til Telemark distriktshøgskule i Bø, som amanuensis 1985–87. I 1986 starta han lokalavisa Bø Blad, der han arbeidde som redaktør frå 1987 til han døydde i 2003.

Kielland hadde tillitsverv i Fellesrådet for det sørlege Afrika og Norsk-Cubansk Forening, og kombinerte si interesse for idrett med tillitsverv i styret for Norges Cykleforbund.

Kjelder endre