Opna hovudmenyen

Arne Karsten Ruset (fødd 18. juni 1951) er ein norsk forfattar busett i Molde. Han voks opp i Fjøra i Norddal. Ruset er overlege i psykiatri av yrkje, men har sidan debuten i 1973 utgjeve fleire diktsamlingar og barnebøker i tillegg til éi novellesamling og éin roman.

Arne Ruset
Fødd 18. juni 1951
Yrke psykiater, skribent, barnebokforfattar, lyrikar

Han har som sonen sin, diktaren Endre Ruset, vore involvert i Bjørnsonfestivalen sidan byrjinga i 1992.

BibliografiEndra

  • Spelemannslaget Love – dikt, Det Norske Samlaget (1973)
  • Kunsten å stupe seg inn i ein by – dikt, Det Norske Samlaget (1982)
  • Mus – dikt, Det Norske Samlaget (1983)
  • Aldri åleine – barnebok, Det Norske Samlaget (1987)
  • Hjernebløming – «heimstaddikt», Det Norske Samlaget (1989)
  • Kongen av Kattholmen – noveller, Det Norske Samlaget (1991)
  • Den svarte kista – barnebok, Det Norske Samlaget (1992)
  • Førtiårskrigen – dikt, Det Norske Samlaget (1993)
  • Hundedraumar – dikt, Det Norske Samlaget (1995)
  • Eg blar meg gjennom ein gammel husmorkalender – dikt, tonesatt av Bjarne Isaksen, Det Norske Samlaget (1997)
  • Over fjell, over hav – biletbok, illustrert av Anne Kristin Hagesæther, Det Norske Samlaget (1999)
  • Hippie – roman, Det Norske Samlaget (2002)
  • Berg brest – noveller, Bokvennen forlag (2013)
  • Vi kan ikkje eige kvarandre – dikt i utval, Bokvennen forlag (2016)
  • Songbok for hesten – roman, Solum Bokvennen (2017)
  • Nattferje frå Åfarnes – roman, Solum Bokvennen (2019)

PrisarEndra

BakgrunnsstoffEndra