Arnold J. Toynbee

britisk historikar

Arnold Joseph Toynbee (14. april 188922. oktober 1975) var ein britisk historikar og historiefilosof, den siste såkalla universalhistorikaren. Han er særleg kjend for tolvbandsverket A Study of History, ei metahistorie som kom ut i tida 1934-61 og undersøkte historia frå eit globalt perspektiv. Verket er basert på ein idé om at dei ulike sivilisasjonane går gjennom universelle rytmar med stigning, blomstring og nedgang. Det religiøse grunnsynet i A Study of History gjorde verket særleg populært i USA, ettersom Toynbee avviste både den greske humanismen og opplysningstida si tru på menneskeheita si essensielle godheit, samstundes som han heldt den moderne nasjonalismen for å vere ein «falsk gud». Perioden 1918-50 var Toynbee ein leiande rådgjevar for den britiske staten i internasjonale spørsmål, særleg kva gjaldt Midtausten.

Arnold J. Toynbee

Fødd14. april 1889
London
Død22. oktober 1975
York
NasjonalitetStorbritannia
Områdehistoriefilosofi
Yrkehistorikar, universitetslærar, diplomat, filosof
InstitusjonarLondon School of Economics
King’s College London
Alma materWinchester College
Balliol College
EktefelleVeronica Boulter Toynbee, Rosalind Murray
BarnPhilip Toynbee, Lawrence Toynbee, Antony Harry Robert Toynbee
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
British Academy

Liv og gjerning endre

Toynbee, som var brorson til den økonomiske historikaren Arnold Toynbee (1852-1883), kom til verda i London og vart utdanna ved Winchester College og Balliol College i Oxford. I 1912 byrja han sjølv å undervise på Balliol College. Sidan arbeidde han som professor i moderne gresk og bysantinsk historie ved høvesvis Kings College i London, London School of Economics og Royal Institute of International Affairs (RIIA). Frå 1929 til 1956 leidde han forskinga ved RIIA og var 1920-46 redaktør av årsskriftet Survey of International Affairs.

Utanrikspolitikk endre

Under fyrste verdskrigen arbeidde Toynbee i det britiske utanriksdepartementet og han deltok i 1919 som delegat ved fredskonferansen i Paris. I tida 1924-43 var han forskingssjef i Chatham House ved Balliol College i Oxford. Chatham House forska for det britiske utanriksdepartementet og var ein viktig intellektuell ressurs under andre verdskrigen, då institusjonen vart flytta til London.

Midtausten endre

Toynbee var ein leiande analytikar om utviklinga i Midtausten. Støtta hans til Hellas og fiendskapen mot tyrkarane under fyrste verdskrigen, hadde skaffa han midlar til ei stilling med moderne gresk og bysantinsk historie ved University of London. Etter verdskrigen skifta han til ein pro-tyrkisk posisjon og kritiserte greske militære styrkar for å ha utført vald og massakrar i okkupert tyrkisk territorium. Motvilje frå dei rike grekarane som finansierte stillinga hans, tvinga han til å slutte i 1924.

Haldninga hans under fyrste verdskrigen var meir pro-sionistisk og mindre sympatisk overfor det arabiske synet. Han støtta den jødiske koloniseringa av Palestina, som han meinte hadde «byrja vinne tilbake sin gamle velstand». Toynbee forska på sionismen i 1915 ved Institutt for UD, og i 1917 publiserte han ein intensjonsavtale saman med kollegaen Lewis Namier, ein avtale som støtta eksklusive jødiske politiske rettar i Palestina. I 1922 vart han påverka av den palestinsk-arabiske delegasjonen som var på besøk London. Dei seinare skriftene hans viser korleis han endra syn på spørsmålet, og mot slutten av 1930-talet var han mindre positiv til den sionistiske sida og flytta seg i retning den arabiske leiren. Innan 1950 var han ein motstandar av staten Israel.

Tyskland endre

Toynbee var ein kraftfull opinionsdannar og vart i 1936 invitert til ein privatsamtale med den tyske rikskanslaren Adolf Hitler. Hitler la i samtalen vekt på at Tyskland hadde eit avgrensa ekspansjonistisk siktemål om å bygge ein større tysk nasjon og uttrykte ynskje om britisk forståing og samarbeid. Toynbee var overbevist om at Hitler meinte alvor og var å stole på, han støtta såleis Hitlers bodskap i eit fortruleg notat til statsministeren og utanriksministeren i Storbritannia.

Study of History endre

I tida 1934-54 gav Toynbee ut tibandsverket A Study of History, i tre separate bolkar. Han fylgde metodikken til Oswald Spengler og nytta ei komparativ og aktuell tilnærming til uavhengige sivilisasjonar. Derimot avviste Toynbee Spengler sin biologiske modell, der sivilisasjonar vart rekna som organismar med ei typisk levetid på 1000 år.

Av dei 21 sivilisasjonane Toynbee identifiserte var seksten borte i 1940. Fire av dei resterande fem var under sterkt press frå den eine, den vestlege kristenheita eller berre Vesten. Han forklarte samanbrotet i sivilisasjonane som ein fiasko til den kreative krafta i den kreative minoriteten. Der etter vert desse folka einast eit herskande mindretal, ei herskargruppe som ikkje evnar å oppretthalde den indre truskapen i samfunnet.

Toynbee forklarte nedgang som grunna i moralsk svikt. Mange lesarar, særleg i USA, jubla for implikasjonen hans (i band 1-6) om at einast ei tilbakevending til ei form for katolisisme kunne stanse den nedbrytinga av den vestlege sivilisasjon som tok til med reformasjonen. Dei fire siste banda, 7-10, kom ut i 1954 og her forlet han den religiøse bodskapen og det store publikum, alt medan andre historikarar koste seg med å vise til motstridande utsegner i verket.

Sivilisasjonar endre

Toynbee si tilnærming til historia er nærslekta med komparativ historieskriving. Tankane hans kan samanliknast med dei Oswald Spengler nytta i Der Untergang des Abendlandes, sjølv om han avviste Spengler sitt deterministiske syn om at sivilisasjonars vekst og fall fylgjer ein naturleg og uunngåeleg syklus. I fylgje Toynbee kan ein sivilisasjon både blomstre og visne, alt etter dei utfordringane den står overfor og måten ein møter dei på.

Toynbee presenterer historia som sivilisasjonar i vekst og fall, meir enn historia til nasjonalstatar eller etniske grupper. Sivilisasjonar identifiserte han utifrå kulturelle og/eller religiøse kriterium. Dermed vert den vestlege sivilisasjonen, beståande av alle dei heidningfolk som har levd i Vest-Europa sidan samanbrotet av det romerske imperiet, behandla som ein heilskap og noko som skil seg frå både den samtidige «ortodokse» sivilisasjonen i Russland og på Balkan, og frå den eldre gresk-romerske sivilisasjonen.

Etter å ha identifisert sivilisasjonane, presenterte Toynbee historia til kvar enkelt i form av utfordre-og-respons-sivilisasjonar som oppstod som svar på nokre sett med utfordringar av ekstrem vanskegrad, då «kreative minoritetar» utvikla løysingar som omdanna heile samfunnet. Utfordringane og responsen var fysisk, som til dømes når sumerarane utnytta sumpane i det sørlege Irak ved å organisere dei neolittiske innbyggarane i samfunn i stand til å gjennomføre store irrigasjonsprosjekt, eller sosiale, som når den katolske kyrkja løyste kaoset i det post-romerske Europa ved å melde dei nye germanske kongerika inn i eitt enkelt trussamfunn. Når ein sivilisasjon reagerer på utfordringar, veks den. Sivilisasjonar stagnerte når leiarane slutta å svare kreativt, og sivilisasjonar sokk deretter i evner på grunn av nasjonalisme, militarisme og tyranni utøvd av ein despotisk minoritet. Toynbee hevda at «sivilisasjonar døyr gjennom sjølvmord, ikkje mord». For Toynbee var sivilisasjonar ikkje immaterielle eller ufråvikelige maskinar, men eit nettverk av sosiale relasjonar innafor grensa og derfor underlagt både kloke og ukloke vedtak.

Påverknad endre

Toynbee sine idear har irritert mange historikarar og etter 1960 har utsegnene hans vore lite sitert. Hans form for historieskriving, komparativ historie, har lege i daudvatn, delvis ein biverknad til Toynbee sjølv. Den kanadiske økonomiske historikaren Harold Adams Innis er eit sjeldant unnatak. Etter Toynbee og andre; Spengler, Kroeber, Sorokin og Cochrane, undersøkte Innis blomstrande sivilisasjonar med tanke på styringa av imperium og på medium for kommunikasjon.

Mottaking og kritikk endre

A Study of History selde godt. Berre i USA vart meir enn 7 000 sett av ti-bands utgåva selde i 1955. Og i 1947 vart ei samla utgåve av dei tidlegare utgjevne banda trykt i eit opplag på 300 000.

Toynbee har vorte sterkt kritisert av andre historikarar. Kritikken har særleg vore retta mot bruken av mytar og metaforar, og for å ha gjeve desse eit verde tilsvarande faktiske data. Vidare har det vore reist tvil om soliditeten i hans generelle argument om sivilisasjonars vekst og fall, som stolar for mykje på å vise religionen som ei fornyande kraft. Mange kritikarar klaga over at konklusjonane han kom med var dei av ein kristen moralist, meir enn av ein historikar. Hugh Trevor-Roper skildra Toynbee sitt arbeid som ein samansuriums-filosofi, Peter Geyl omtalar Toynbees ideologiske tilnærming som «metafysiske spekulasjonar kledd opp som historieforsking».

Toynbee vart angripen på fleire frontar i to kapittel av Walter Kaufmann, i boka From Shakespeare to Existensialism (1959). Ei av skuldingane var at «Toynbees enorme suksess er avgrensa til USA, der opinionen er sterkt påverka av vekeblad», ein annan var hans vektlegging på grupper av religionar som dei tydelege skiljelinjene i verda, slik dei var i 1956. Kritikarar angreip Toynbee sin teori for å legge for mykje vekt på religion, framom andre sider av livet, i si vurdering av dei store bileta av sivilisasjonane. Ettersom han tok jødedom, kristendom og islam som ei nærståande gruppe, og kontrasterte dei med buddhismen, vart analysen hans svært ulik.

I artikkelen The Chatham House Version (1970) gjekk historikaren Elie Kedourie, som hadde forska mykje på Midtausten, til angrep på Toynbee og rolla hans i det han oppfatta som ei fornekting av ansvaret til det britiske imperiet då det trekte seg tilbake, og om sviket mot demokratiske verdiar i land som imperiet ein gong hadde kontrollert. Kedourie hevda at både systemet og arbeidet til Toynbee var retta mot å underslå rolla som imperium; her tok han også med Toynbee sitt virke i utanriksdepartementet, der Toynbee hadde vore direkte involvert i Palestina-mandatet.

Verk endre

  • The Armenian Atrocities: The Murder of a Nation, with a speech delivered by Lord Bryce in the House of Lords (Hodder & Stoughton 1915)
  • Nationality and the War (Dent 1915)
  • The New Europe: Some Essays in Reconstruction, with an Introduction by the Earl of Cromer (Dent 1915)
  • Contributor, Greece, in The Balkans: A History of Bulgaria, Serbia, Greece, Rumania, Turkey, various authors (Oxford, Clarendon Press 1915)
  • British View of the Ukrainian Question (Ukrainian Federation of U.S., New York, 1916)
  • Redaktør, The Treatment of Armenians in the Ottoman Empire, 1915–1916: Documents Presented to Viscount Grey of Fallodon by Viscount Bryce, with a Preface by Viscount Bryce (Hodder & Stoughton and His Majesty's Stationery Office, 1916)
  • The Destruction of Poland: A Study in German Efficiency (1916)
  • The Belgian Deportations, with a statement by Viscount Bryce (T. Fisher Unwin 1917)
  • The German Terror in Belgium: An Historical Record (Hodder & Stoughton 1917)
  • The German Terror in France: An Historical Record (Hodder & Stoughton 1917)
  • Turkey: A Past and a Future (Hodder & Stoughton 1917)
  • The Western Question in Greece and Turkey: A Study in the Contact of Civilizations (Constable 1922)
  • Introduction and translations, Greek Civilization and Character: The Self-Revelation of Ancient Greek Society (Dent 1924)
  • Introduction and translations, Greek Historical Thought from Homer to the Age of Heraclius, with two pieces newly translated by Gilbert Murray (Dent 1924)
  • Contributor, The Non-Arab Territories of the Ottoman Empire since the Armistice of 30 October 1918, in H. W. V. Temperley (redaktør), A History of the Peace Conference of Paris, Vol. VI (Oxford University Press under the auspices of the British Institute of International Affairs 1924)
  • The World after the Peace Conference, Being an Epilogue to the "History of the Peace Conference of Paris" and a Prologue to the "Survey of International Affairs, 1920–1923" (Oxford University Press under the auspices of the British Institute of International Affairs 1925). Published on its own, but Toynbee writes that it was "originally written as an introduction to the Survey of International Affairs in 1920–1923, and was intended for publication as part of the same volume".
  • Med Kenneth P. Kirkwood, Turkey (Benn 1926, in Modern Nations series edited by H. A. L. Fisher)
  • The Conduct of British Empire Foreign Relations since the Peace Settlement (Oxford University Press under the auspices of the Royal Institute of International Affairs 1928)
  • A Journey to China, or Things Which Are Seen (Constable 1931)
  • Redaktør, British Commonwealth Relations, Proceedings of the First Unofficial Conference at Toronto, 11–21 September 1933, with a foreword by Robert L. Borden (Oxford University Press under the joint auspices of the Royal Institute of International Affairs and the Canadian Institute of International Affairs 1934)
  • A Study of History
    • Vol I: Introduction; The Geneses of Civilizations
    • Vol II: The Geneses of Civilizations
    • Vol III: The Growths of Civilizations
(Oxford University Press 1934)
  • Redaktør, med J. A. K. Thomson, Essays in Honour of Gilbert Murray (George Allen & Unwin 1936)
  • A Study of History
    • Vol IV: The Breakdowns of Civilizations
    • Vol V: The Disintegrations of Civilizations
    • Vol VI: The Disintegrations of Civilizations
(Oxford University Press 1939)
  • D. C. Somervell, A Study of History: Abridgement of Vols I-VI, with a preface by Toynbee (Oxford University Press 1946)
  • Civilization on Trial (Oxford University Press 1948)
  • The Prospects of Western Civilization (New York, Columbia University Press 1949). Lectures delivered at Columbia University on themes from a then-unpublished part of A Study of History. Published "by arrangement with Oxford University Press in an edition limited to 400 copies and not to be reissued".
  • Albert Vann Fowler (redaktør), War and Civilization, Selections from A Study of History, with a preface by Toynbee (New York, Oxford University Press 1950)
  • Introduction and translations, Twelve Men of Action in Greco-Roman History (Boston, Beacon Press 1952). Extracts from Thucydides, Xenophon, Plutarch and Polybius.
  • The World and the West (Oxford University Press 1953). Reith Lectures for 1952.
  • A Study of History
    • Vol VII: Universal States; Universal Churches
    • Vol VIII: Heroic Ages; Contacts between Civilizations in Space
    • Vol IX: Contacts between Civilizations in Time; Law and Freedom in History; The Prospects of the Western Civilization
    • Vol X: The Inspirations of Historians; A Note on Chronology
(Oxford University Press 1954)
  • An Historian's Approach to Religion (Oxford University Press 1956). Gifford Lectures, University of Edinburgh, 1952–1953.
  • D. C. Somervell, A Study of History: Abridgement of Vols VII-X, with a preface by Toynbee (Oxford University Press 1957)
  • Christianity among the Religions of the World (New York, Scribner 1957; London, Oxford University Press 1958). Hewett Lectures, delivered in 1956.
  • Democracy in the Atomic Age (Melbourne, Oxford University Press under the auspices of the Australian Institute of International Affairs 1957). Dyason Lectures, delivered in 1956.
  • East to West: A Journey round the World (Oxford University Press 1958)
  • Hellenism: The History of a Civilization (Oxford University Press 1959, in Home University Library)
  • Med Edward D. Myers, A Study of History
    • Vol XI: Historical Atlas and Gazetteer
(Oxford University Press 1959)
  • D. C. Somervell, A Study of History: Abridgement of Vols I-X in one volume, with a new preface by Toynbee and new tables (Oxford University Press 1960)
  • A Study of History
    • Vol XII: Reconsiderations
(Oxford University Press 1961)
  • Between Oxus and Jumna (Oxford University Press 1961)
  • America and the World Revolution (Oxford University Press 1962). Public lectures delivered at the University of Pennsylvania, spring 1961.
  • The Economy of the Western Hemisphere (Oxford University Press 1962). Weatherhead Foundation Lectures delivered at the University of Puerto Rico, February 1962.
  • The Present-Day Experiment in Western Civilization (Oxford University Press 1962). Beatty Memorial Lectures delivered at McGill University, Montreal, 1961.
The three sets of lectures published separately in the UK in 1962 appeared in New York in the same year in one volume under the title America and the World Revolution and Other Lectures, Oxford University Press.
  • Universal States (New York, Oxford University Press 1963). Separate publication of part of Vol VII of A Study of History.
  • Med Philip Toynbee, Comparing Notes: A Dialogue across a Generation (Weidenfeld & Nicolson 1963). "Conversations between Arnold Toynbee and his son, Philip … as they were recorded on tape."
  • Between Niger and Nile (Oxford University Press 1965)
  • Hannibal's Legacy: The Hannibalic War's Effects on Roman Life
    • Vol I: Rome and Her Neighbours before Hannibal's Entry
    • Vol II: Rome and Her Neighbours after Hannibal's Exit
(Oxford University Press 1965)
  • Change and Habit: The Challenge of Our Time (Oxford University Press 1966). Partly based on lectures given at University of Denver in the last quarter of 1964, and at New College, Sarasota, Florida and the University of the South, Sewanee, Tennessee in the first quarter of 1965.
  • Acquaintances (Oxford University Press 1967)
  • Between Maule and Amazon (Oxford University Press 1967)
  • Redaktør, Cities of Destiny (Thames & Hudson 1967)
  • Redaktør and principal contributor, Man's Concern with Death (Hodder & Stoughton 1968)
  • Redaktør, The Crucible of Christianity: Judaism, Hellenism and the Historical Background to the Christian Faith (Thames & Hudson 1969)
  • Experiences (Oxford University Press 1969)
  • Some Problems of Greek History (Oxford University Press 1969)
  • Cities on the Move (Oxford University Press 1970). Sponsored by the Institute of Urban Environment of the School of Architecture, Columbia University.
  • Surviving the Future (Oxford University Press 1971). Rewritten version of a dialogue between Toynbee and Professor Kei Wakaizumi of Kyoto Sangyo University: essays preceded by questions by Wakaizumi.
  • Med Jane Caplan, A Study of History, new one-volume abridgement, with new material and revisions and, for the first time, illustrations (Oxford University Press and Thames & Hudson 1972)
  • Constantine Porphyrogenitus and His World (Oxford University Press 1973)
  • redaktør, Half the World: The History and Culture of China and Japan (Thames & Hudson 1973)
  • Toynbee on Toynbee: A Conversation between Arnold J. Toynbee and G. R. Urban (New York, Oxford University Press 1974)
  • Mankind and Mother Earth: A Narrative History of the World (Oxford University Press 1976), posthumous
  • Richard L. Gage (redaktør), The Toynbee-Ikeda Dialogue: Man Himself Must Choose (Oxford University Press 1976), posthumous. The record of a conversation lasting several days.
  • E. W. F. Tomlin (redaktør), Arnold Toynbee: A Selection from His Works, with an introduction by Tomlin (Oxford University Press 1978), posthumous. Includes advance extracts from The Greeks and Their Heritages.
  • The Greeks and Their Heritages (Oxford University Press 1981), posthumous
  • Christian B. Peper (redaktør), An Historian's Conscience: The Correspondence of Arnold J. Toynbee and Columba Cary-Elwes, Monk of Ampleforth, with a foreword by Lawrence L. Toynbee (Oxford University Press by arrangement with Beacon Press, Boston 1987), posthumous
  • The Survey of International Affairs was published by Oxford University Press under the auspices of the Royal Institute of International Affairs between 1925 and 1977 and covered the years 1920–1963. Toynbee wrote, with assistants, the Pre-War Series (covering the years 1920–1938) and the War-Time Series (1938–1946), and contributed introductions to the first two volumes of the Post-War Series (1947–1948 and 1949–1950). His actual contributions varied in extent from year to year.
  • A complementary series, Documents on International Affairs, covering the years 1928–1963, was published by Oxford University Press between 1929 and 1973. Toynbee supervised the compilation of the first of the 1939–1946 volumes, and wrote a preface for both that and the 1947–1948 volume.

Kjelder endre