Plutark

(Omdirigert frå Plutarch)

Plutark (gresk Πλούταρχος; fødd ca. 45, død ca. 120) var ein gresk historikar, biograf og essayist. Etter at han vart romersk borgar fekk han namnet Lucius Mestrius Plutarchus (Λούκιος Μέστριος Πλούταρχος).

Plutark

Statsborgarskap Romarriket
Fødd ca. 46
Kherónia i Viotía
Død

ca. 120
Delfí i Fokída

Yrke Biograf, essayist, filosof, prest, ambassadør, magistrat
Kjende verk Moralia, Livsskildringar med samanligning
Språk latin, gamalgresk
Påverka William Shakespeare[1], Ralph Waldo Emerson[2], Michel de Montaigne[3][4]
Ektefelle Timoxena
Plutark på Commons
Plutark (ca. 46-120) skreiv Moralia og fleire andre verk innan historie og biografi.

Han var fødd i den vesle byen Kherónia i den greske regionen kjend som Viotía, truleg under styret åt den romesrske keisaren Claudius. Plutark reiste mykje i området ved Middelhavet, mellom anna to gongar åt Roma. Han hadde fleire innflytelsesrike romerske venar, mellom andre Soscius Senecio og Fundanus, båe viktige senatorar. Plutark har dedikert skrifter åt båe. Han levde mesteparten av livet sitt i Kaeronea. Der var har den øvste av dei to prestane åt Apollon ved orakelet i Delfi, men brukte tydelegvis lite tid på pliktane som prest. Plutark levde eit aktivt sosialt og borgerleg liv og produserte ei svært stor mengde skrifter. Mange av dei er fortsatt intakte.

I Vita parallelae (Livsskildringar med samanlikgning) skriv han biografiar om parvis grupperte kjende romarar og hellenarar, som «Aleksander og Cæsar». I Moralia, ei samling på 78 essay, drøfter han dei fleste spørsmål. Der finn ein mellom anna «Om Isis og Osiris», som er den einaste samanhengane versjonen av Osirismyta, ei sentral kjelde åt egyptisk gudelære og den fyrste kjende refleksjonen om høna og egget.

Kjelder endre

  1. Honigmann 1959.
  2. Emerson, Ralph Waldo (1870). "Introduction". I William W. Goodwin. Plutarch's Morals. London: Sampson, Low. p. xxi.
  3. Kimball, Roger. «Plutarch & the issue of character». The New Criterion Online. Henta 11. desember 2006. 
  4. McCutchen, Wilmot H. «Plutarch - His Life and Legacy». Arkivert frå originalen 5. desember 2006. Henta 10. desember 2006. 

Litteratur endre

Wikipedia på bokmål oppgav denne litteraturlista.