Arthur Arntzen
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå politikaren Arthur Arntzen.
Arthur Andreas Arntzen (fødd 10. mai 1937) er ein norsk komikar, forfattar og artist frå Tromsø.
Arthur Arntzen | |||
| |||
Fødd | 10. mai 1937 (87 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tromsø kommune | ||
Verka som | skodespelar, skribent, journalist, musikar | ||
Prisar | Jack Berntsens kulturpris, Leonardstatuetten, Troms fylkeskommunes kulturpris, Tromsø kommunes kulturpris, Solprisen, Spellemannprisen i underholdning, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, Årets tromsøværing |
Liv
endreArntzen vart fødd i Tromsø og voks opp på Tromsøya og i Gratangen og Tromsdalen, der han seinare busette seg.
Trass i minimalt med skulegang, vart Arntzen journalist i lokalaviser, og vart seinare på 1950-talet Nord-Noreg-korrespondent for Dagbladet.
På slutten av 1950-talet skapte Arntzen komifiguren «Oluf Rallkattli», fyrst for lokalrevyar, frå 1965 for TV og sidan 1967 for bøker og skodespel. Som skodespelar er han kjend for den nordnorske humoren sin, noko som òg er emne i fleire av bøkene hans. Boksalet i Oluf-serien har kome opp i over 700 000. I 1989 vart bøkene omarbeidde til eit skodespel for Hålogaland teater. Dette vart den største suksessframsyninga teateret hadde hatt nokon gong, og TV-versjonen vart ein tilsvarande suksess. Det siste skodespelet hans, Den fordømte nordlendingen, omhandla òg nordnorsk humor. Saman med Håkon Karlsen og Tore Skoglund har han halde framsyningar om Oluf, der fleire av dei òg er utgjevne på CD.
Arthur avgjorde å avslutte skodespelet om Oluf i 2007, då etter 50 år.
Ole Danbolt Mjøs, tidlegare rektor ved Universitetet i Tromsø, utnemnde Arntzen til ei honorær universitetsstilling som av Arntzen har vorte omtala som «flirolog» eller «artigamanuensis».
Bibliografi
endre- 1974 – Han Oluf.
- 1974 – Oluf R.
- 1980 – Rapport frå Rallkattlia.
- 1982 – Supar Oluf.
- 1982 – Ho Emma.
- 1987 – Han Lars (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1987 – Oluf og Emma (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1988 – Oluf R (illustrasjonar av Dagfinn Bakke)
- 1988 – Super Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1988 – Rallkattlia (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1989 – Siste Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1989 – Rapport fra Rallkattlia (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1990 – Æ sei ikkje meir (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1990 – Oluf samla (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1990 – Småkarer under frostmåne (sjølvbiografi, saman med Arvid Hansen).
- 1993 – Det svær æ på.
- 1994 – Æ gjer meg ikkje (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1986 – Æ lyg ikkje (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1996 – Dokker kan flire: elendighet i utval (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1997 – Oluf for evig (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1987 – Nye Oluf (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
- 1994 – Og langsomt kom lyset.
- 2003 – Det latterlige alvor.
- 2006 – Oluf i eget bokbad.
- 2009 - Vi sto han av! (illustrasjonar av Dagfinn Bakke).
Diskografi
endre- 1973 - Han Oluf (med Håkon Karlsen)
- 1973 - Ja, du Oluf
- 1977 - Erindringer 1
- 1980 - Han Oluf igjen
- 1981 - Mølje og sodd
- 1984 - Oluf's kattastrofe
- 1988 - Olufs jubileumsfarse
- 1991 - Latterkula
- 1991 - På kryss og tvers med Oluf og Lars
- 1995 - Livet med Oluf (samleplate)
Filmografi
endre- 1975 – Tut og kjør
- 1990 – Oluf (vist i TV, NRK).
- 1997 – Den fordømte nordlendingen
- 1999 – 40 år med Oluf
- 2006 – Oluf i eget bokbad
- 2007 - 50 år med Oluf
Bøker om Arthur Arntzen
endre- 1997 - Han Arthur, av Ivan Kristofersen (illustrasjonar av Kaare Espolin Johnson. Det Norske Samlaget.
- 2007 - Eventyr, tårer og latter. Historia om Arthur Arntzen, av Kjell Snerte. Det Norske Samlaget.
Prisar og utmerkingar
endre- 1987 - Troms fylkeskommunes kulturpris.
- 1989 - Nynorsk litteraturpris sin heiderpris.
- 1989 - Tromsø kommunes kulturpris.
- 1991 - Spellemannprisen 1991 i klassa underhaldning, for albumet Latterkula.
- 1992 - Petter Dass-medaljen for «saftig nordnorsk humor».
- 1996 - Solidaritetsprisen fra Funksjnshemmedes fellesorganisasjon (FFO).
- 1997 - Folkehelseprisen.
- 1999 - «Århundredets humorist» (kåra av Nitimen).
- 1999 - Leonardstatuetten.
- 2000 - Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
- 2001 - Tidenes type, for figuren Oluf under Komiprisen.
- 2005 - Alf Prøysens Ærespris.
- 2005 - Jack Berntsens kulturpris.
- 2015 - Agenda Nord-Norges Ærespris
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arthur Arntzen» frå Wikipedia på bokmål, den 23. juli 2010, men er utvida i ettertid.
Bakgrunnsstoff
endre- Digitaliserte bøker av Arthur Arntzen hjå Nasjonalbiblioteket
- Om Arthur Arntzen på nettstaden til Samlaget
- Om Arthur Arntzen Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine. på nettstaden til Dramatikerforbundet
- Arthur Arntzen i IMDb database
- Om Arthur Arntzen Arkivert 2002-02-26 ved Wayback Machine. i Dagbladet Forfattar
- Arthur Arntzen i Norsk biografisk leksikon