Sting

engelsk musikar og songar-låtskrivar
(Omdirigert frå Artisten Sting)

Gordon Matthew Thomas Sumner (fødd 2. oktober 1951), betre kjend med artistnamnet Sting, er ein engelsk musikar, songar-låtskrivar, multi-instrumentalist, aktivist, skodespelar og filantrop. Han er mest kjend som låtskrivar, songar og bassist for det nyskapande new wave-rockebandet The Police og solokarrieren som følgde.

Sting

Sting i 2009 på premieren til Moon
Fødd2. oktober 1951 (73 år)
FødestadWallsend i Northumberland i England
FødenamnGordon Matthew Thomas Sumner
AliasSting
OpphavStorbritannia
Aktiv1971 til i dag
SjangerRock, pop, new wave, jazz, new-age, blue-eyed soul, reggae
InstrumentVokal, bassgitar, kontrabass, mandolin, lutt, gitar, klaverinstrument, guitalele, munnspel, saksofon, obo, lirekasse, synclavier, trommemaskin, basspedalar, perkusjon
Kjende instrumentFender Telecaster Bass
Steinberger L-2 Bass
Fender Precision Bass
Fender Jazz Bass
Ibanez Musikar Bass
Spector NS-2
Tilknytte artistarThe Police
PlateselskapA&M, Deutsche Grammophon, Universal Music Group
Verka somMusikar, songar-låtskrivar, skodespelar, produsent
MorAudrey Cowell
FarErnest Matthew Sumner
Gift medFrances Tomelty, Trudie Styler
BornJoe Sumner, Mickey Sumner, Eliot Sumner
Prisarkommandør i den britiske imperieorden, Primetime Emmy Award, MusiCares Person of the Year, David Angells humanitære pris, Polar Music Prize, Kennedy Center Honors, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, German Radio Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, MOJO Awards, Grammy Award for Best Rock Performance by a Duo or Group with Vocal, Grammy Award for årets sang

Sting har nytta mange musikkstilar, med element frå rock, jazz, reggae, klassisk, new-age og worldbeat, i musikken sin.[1] Som solomusikar og medlem av The Police har Sting fått 16 Grammyprisar for musikken sin, den første for beste rockeinstrumental i 1980, tre Brit Awards – mellom anna beste mannlege artist i 1994, ein Golden Globe, ein Emmy Award, og fleire Oscarnomniasjonar for beste song. Han vart innlemma i Songwrites Hall of Fame i 2002 og Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Police i 2003. I 2000 fekk han ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Han vart oppført på International Best Dressed List for best kledde mann i 2001.

Inkludert åra med The Police har Sting seld over 100 millionar plater verda over. I Storbritannia har hann fått sju platinaplater, tre gullplater og ei sølvplate, og i USA ni platinaplater og tre gullplater. I 2006 rangerte magasinet Paste han på 62. plass på lista deira over «100 beste nolevande låtskrivarar».[2] Han vart rangert på 63. plass på lista til VH1 over 100 største rockeartistar,[3] og 80. plass på lista til magasinet Q over dei 100 største musikkstjernene på 1900-talet.[4] Sting har òg samarbeidd med andre musikarar, som «Rise & Fall» med Craig David, «Money for Nothing» og den store hitten «All for Love» med Bryan Adams og Rod Stewart.

Diskografi

endre

The Police

endre

Filmar

endre
Som skodespelar
Som seg sjølv

Kjelder

endre
  1. Stephen Thomas Erlewine. Sting Biography. AllMusic. Henta 24. august 2014
  2. «100 Greatest Living låtskrivars». pastemusic.com. Henta 24. august 2014. [daud lenkje]
  3. «VH1 Greatest Artists of Rock». Rockonthenet.com. Henta 24. august 2014. 
  4. «THE 100 GREATEST STARS OF THE 20TH CENTURY». Q Magazine. august 1999. Henta 29 januar 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sting