Arto Tiainen

Arto Kasperi Tiainen (5. september 193021. september 1998) var ein finsk langrennsløpar og politikar.

Arto Tiainen
Arto-Tiainen-1970.jpg
Fødd 5. september 1930
Kiviapaja
Død

21. september 1998 (68 år)
Sankt Michel landkommune

Yrke politikar, langrennsløpar, politibetjent

KarriereEndra

Innanlands vann Arto Tiainen totalt 11 skimeisterskap i karrieren sin. Hans fyrste internasjonale meisterskap var vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, der han gjekk 15 km, og enda som nummer 26. To år seinare deltok han i verdsmeisterskapen i Lahti, der han kom på femteplass på tremila og fjerdeplass på femmila, men tok bronse i stafett. I 1959 og 1960 vann han Lahtisspelen og Svenska skidspelen i Falun fleire gonger.

Under vinter-OL 1960 i Squaw Valley deltok han på 30 km utan vidare suksess. I verdsmeisterskapen 1962 i Zakopane oppnådde han derimot ein fjerdeplass på femmila. Vinter-OL 1964 i Innsbruck vart den beste internasjonale tevlingane i Tiainens karriere. Her vart han nummer 13 på 30 km, tok olympisk bronse på 50 km og tok sølv med det finske stafettlaget på 4 x 10 km. Både i 1964 og 1965 vann han femmila i Holmenkollrenna, og vart i 1965 tildelt Holmenkollmedaljen saman med Arne Kjell Larsen og Bengt Eriksson.

Under ski-VM 1966 i Oslo vann Tiainen sølv på femmila. Han deltok i OL for siste gong under vinter-OL 1968 i Grenoble, men enda som nummer 16 på tremila. Frå 1968 til 1972 var han hovudtrenar for det finske langrennslaget.

Utanfor skikarrieren jobba Tiainen som politimann i Kuopio og St. Michel, og han sat også to månader som representant i den finske riksdagen i 1970.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra