Askvoll skipreide
Askvoll skipreide var ei av fem skipreider i Sunnfjord[1] i noverande Vestland fylke.
Geografisk område etter gammal inndeling:
- Askvoll sokn
- del av Vilnes sokn (området nord for Buefjorden)
- del av Øn sokn (området nord for Åfjorden)
- del av Hyllestad sokn (området aust for Lifjellhalvøya, nord for Kleivevatnet/Aksavatnet, og aust for Systaddalen)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- del av Askvoll kommune (området vest for Osane/Hellset/Helle)
- del av Fjaler kommune (området vest for Sagelva)
- del av Hyllestad kommune (området nord for Åfjorden/Hyllestadfjorden/Kleivevatnet/Aksavatnet/Dalsvatnet
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1873 vart Hyllestad kommune (Hyllestad, Øn og Bø sokner) utskilde som eige tinglag,[2] etter å ha vore delt mellom Askvoll og Lavik tinglag, og 1888 vart dei delar Vilnes sokn som låg sør for Buefjorden overflytta til Solund sokn.[3] Deretter hadde Askvoll tinglag og Askvoll kommune dei same grensene.