Astarte Horn
Astarte Horn er eit pyramideforma fjell som ligg kring 15 km innover frå George VI Sound ved sørenden av fjellrekkja som strekkjer seg til Mount Umbriel, aust på Aleksanderøya. Fjellet vart kartlagd frå flyfotografi tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947–48, og frå landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey, 1948–50, og vart namngjeven av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee i samband med nærliggande Venusbreen. Guddommen Venus er identifisert med den fønikiske guddommen Astarte i mytologien.
Astarte Horn | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 71°40′S 68°52′W / 71.667°S 68.867°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Astarte Horn 71°40′00″S 68°52′00″W / 71.666666666667°S 68.866666666667°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Astarte Horn» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Astarte Horn» (innhald frå Geographic Names Information System).