Asteroidespektralklassar

(Omdirigert frå Asteroidespektraltypar)

Asteroidespektralklassane er dei ulike typane av asteroidar. Asteroidar vert klassifiserte etter spektraleigenskapar, farge, og nokre gongar etter albedo. Desse klassane er tenkt å peike tilbake på samansetninga til asteroideoverflata. For små lekamar som ikkje er differensierte (lagdelte), er den indre samansetninga mykje lik den ein finn på overflata. Store lekamar som 1 Ceres og 4 Vesta veit ein er differensierte; dei tyngste grunnstoffa søkk inn medan dei lette blir liggande oppå.

Dagens klassifisering endre

Dagens klassifisering vart påbegynt av Clark R. Chapman, David Morrison og Ben Zellner i 1975 med tre kategoriar: C for mørke og karbonrike objekt, S for steinete (silikatrike), og U for dei som ikkje passa inn i verken C eller S. Denne klassifiseringa har seinare blitt utvida og klarifisert.

Ei rekkje klassifiseringar er for tida i bruk, og medan dei slit med å få samkonsistens blir mange asteroidar putta i forskjellige klassar alt ettersom kva klassifikasjon som blir nytta. Dette av di det er forskjellige kriterium for kvart klassifikasjonsskjema. Dei to mest brukte klassifikasjonane er beskrivne nedanfor:

Tholen-klassifiseringa endre

Den mest brukte klassifiseringa på over eit tiår er den som David J. Tholen la fram i 1984. Denne klassifiseringa vart utvikla frå breibandsspektrum (spektrum mellom 0,31 μm og 1,06 μm) skaffa under ”Eigh-Color Asteroid Survey” (ECAS) på 1980-talet, i kombinasjon med albedomålingar. Den originale formulaen var basert på studie av 978 asteroidar. Skjemaet inkluderer 14 typar. Størstedelen av asteroidane passar inn i ein av dei tre breie hovudkategoriane, i tillegg til ein av dei mindre klassane:

Dei tre siste typane inneheldt opphavleg berre éin asteroide som hadde unike spektrumleigenskapar. Objekt blei nokre gongar tildelte kombinerte typar, som f.eks. CG, når dei hadde eigenskapar som passa til to klassar.

SMASS-klassifiseringa endre

Dette er ein meir nyleg klassifisering introdusert av Schelte J. Bus og Richard P. Binzel i 2002, basert på ”Small Main-Belt Asteroid Spectroscopic Survey” (SMASS), der 1447 asteroidar vart undersøkte. Denne undersøkinga produserte spektrum med ein mykje høgare oppløysning enn det ECAS hadde, og var i stand til å få med seg eit utval av tronge trekk i spekteret som ikkje ECAS kunne; men spennvidda av bølgjelengder som vart undersøkte var smalare enn under SMASS-undersøkinga (0,44μm til 0,92μm). Albedoar vart heller ikkje tatt med. Mens ein forsøkte å halda på Tholen-taksonomien så mykje så mogleg, vart asteroidar sorterte inn i 24 typar. Størstedelen av lekamane passa inn i ein av dei tre breie C-, S- og X-kategoriane, med nokre få uvanlege lekamar som passa inn i mindre kategoriar:

  • C-gruppa - mørke karbonhaldige objekt med følgjande undertypar:
    • B-type – overlappar med Tholen-B-type og F-type
    • C-type – dei mest ’typiske’ av dei ikkje-B-type karbonhaldige objekta.
    • Cg, Ch, Cgh – like på Tholen-G-typen.
    • Cb – overgangsobjekt mellom C- og B-typar
  • S-gruppa – silikathaldige (steinete) objekt:
  • X-gruppa – for det meste metalliske objekt:
    • X-type – dei mest typiske X-objekta i gruppa; desse inkluderer M-, E- og P-typen frå Tholen-klassifiseringa.
    • Xe, Xc og Xk – overgangsobjekt med trekk frå dei nemnde asteroidetypane.
  • T-type
  • D-type
  • Ld-type - ein ny type med fleire ekstreme særtrekk enn det L-typen har.
  • O-type
  • V-type

Ei merkbar mengde av små asteroidar vart funne i Q-, R- og V-typen, som berre var representerte av ein lekam i Tholen-klassifiseringa. I SMASS-klassifiseringa er det berre ein type som berre er representert av ein spesiell asteroide.

Nokre nærjordsobjekt har spektrum som skil seg sterkt i frå alle SMASS-klassane. Dette er truleg av di desse lekamane er mykje mindre enn dei som er oppdaga i hovudbeltet og derfor kan ha yngre og mindre omforma overflatar, eller bestå av ein mindre variert blanding av mineral.

Framtidig klassifisering endre

Det er forventa at klassifikasjonane vil bli raffinerte og/eller byta ut etter kvart som forskinga gjer framsteg. For no vil klassifikasjonane vera basert på dei lågoppløyselege undersøkingane frå 1990-talet. Forskarane har så langt ikkje vore i stand til å bli einige om eit betre taksonomisystem, mest grunna i at det er vanskeleg å få gjort detaljerte målingar for eit større utval av asteroidar.

Dei tre hovudtypane av asteroidar relaterer til dei tre grunnleggjande meteorittypane:

Kjelder endre