23°58′0″N 32°52′0″E / 23.96667°N 32.86667°E / 23.96667; 32.86667

Aswandammen

Kart
Aswandammen
23°58′17″N 32°52′49″E / 23.971431°N 32.880192°E / 23.971431; 32.880192

Aswandammen er ei nemning på to demningar over elva Nilen ved byen Aswan i Egypt. Den fyrste vart bygd av britane i perioden 1898–1902 og var kring 40 meter høg. Den andre dammen vart bygd i tidsrommet 1960–1970 sør for den fyrste. Denne dammen fekk namn etter dåverande president i Egypt, Gamal Abdel Nasser. Prosjektet skulle etter planen utførast med teknisk og økonomisk hjelp frå USA. Denne hjelpa vart stogga i 1956, då Egypt anerkjende Folkerepublikken Kina. Sovjetunionen gjekk i staden inn og gav den naudsynte hjelpa for at dammen skulle verta bygd.

Dammen er 114 meter høg og over 3,6 km lang. Når vasstanden er høgast er Nassersjøen, verdas største kunstige innsjø. Han er kring 475 km. lang og vert utgjort av nesten 170 milliardar vatn.

Galleri

endre
Panorama nedanfor Aswandammen.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Aswandammen
  Denne geografiartikkelen som har med Egypt og Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.