Atle Tranøy
Atle Kåre Tranøy (fødd 18. juni 1957) er ein norsk fagforeiningsleiar frå Stord. Han representerer i dag dei tilsette i styret til Aker ASA.
Atle Tranøy | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. juni 1957 (67 år) |
Tranøy starta som røyrleggjar på Stord Verft, og vart leiar i Verkstadklubben i 1987. Han vart konserntillitsvald i Aker Maritime i 1997, og vart seinare konserntillitsvald i Aker Kværner og eigarselskapet Aker ASA. Han er òg leiar i avdeling 118 i Fellesforbundet.
Atle Tranøy var tidlegare leiar av Stord Raud Valallianse, men er ikkje politisk aktiv i dag. Sonen Eldar Tranøy har òg vore kandidat til kommunestyret for same partiet.
Kjelder
endre- Fellesforbundet Arkivert 2007-08-25 ved Wayback Machine.