Aud Inger Aure
norsk jurist og politikar
Aud Inger Aure (fødd 12. november 1942) er ein norsk jurist og politikar frå Kristeleg Folkeparti. Ho var statsråd og sjef for justisdepartementet (justisminister) i perioden 1997–1999 i Regjeringa Bondevik I. Ho måtte trekkje seg som statsråd på grunn av alvorleg sjukdom.
Aud Inger Aure | |
Fødd | 12. november 1942 (80 år) Averøy |
---|---|
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Kristeleg Folkeparti |
Yrke | politikar |
Verv | Ordførarar i Kristiansund 1995-1997 |
Føregangar | Harald Stokke |
Etterfylgjar | Dagfinn Ripnes |
Aure er cand.jur. frå 1993, noko ho utdanna seg til etter å ha arbeidd mange år som rekneskapskonsulent. Ho var distriktsarbeidssjef i Kristiansund 1994–95, medlem av fylkestinget i Møre og Romsdal 1983–95 og ordførar i Kristiansund 1995–97. Ho var vararepresentant til Stortinget 1985–93, og møtte fast som stortingsrepresentant 1989–90 medan Kjell Magne Bondevik var utanriksminister i Jan P. Syse si regjering.
BakgrunnsstoffEndra
- Stortinget.no biografi