Aulis Arnold Kallakorpi, fødd Nuutinen, (1. januar 192915. mai 2005) var ein finsk skihoppar frå Kuusankoski. Han tok sølvmedaljen i skihopping under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Kallakorpi var ein «dei flygande finnane», som under trenaren Lasse Johansson revolusjonerte hoppsporten ved å ta i bruk den såkalla aerodynamiske stilen.

Aulis Kallakorpi
Statsborgarskap Finland
Fødd 1. januar 1929
Kuusankoski
Død

15. mai 2005 (76 år)
Sankt Michel

Yrke skihoppar

Aktiv endre

Kallakorpi vann sølvmedaljen under den finske skimeisterskapen i 1952. Året etter vann han ein klar siger i hopprennet i Lahti-spelen. I VM i Falun i 1954 vart han nummer 30.

Kallakorpi deltok i den tysk-austerrikske hoppveka i fire år på rad, frå 1953/54 til 1956/57. I si fyrste hoppveka kom han som best på tredjeplass i opningsrennet. Han kom tilbake året etter og vann dei to fyrste renna i hoppveka; i Oberstdorf 30. desember 1954 og i Garmisch-Partenkirchen to dagar seinare. Kallkorpi kopierte sigeren i Oberstdorf i romjula 1955, ein siger han delte med landsmannen Eino Kirjonen. Samanlagt vart Kallakorpi nummer fire i 1953/54, nummer tre i 1954/55, samt nummer sju i 1956/57; i 1955/56 deltok finnane berre i dei to renna i Vest-Tyskland.

Kallakorpi vann Holmenkollrennet i 1955, to poeng føre Torbjørn Falkanger og landsmannen Kirjonen. Sesongen etter var han tilbake i Kollen og kom på delt tredjeplass, landsmannen og olympiameisteren Antti Hyvärinen sigra. I mellomtida hadde Kallakorpi fått sølvmedaljen i olympiaden i Cortina d'Ampezzo under 1956, bakom nettopp Hyvärinen.

Kallakorpi døydde i St. Michel i 2005.

Kjelder endre

  • Sportsboken, aktuelle årgangar