Antti Abram Hyvärinen (21. juni 193213. januar 2000) var ein finsk skihoppar frå Rovaniemi. Han vart olympiameister i skihopping under OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Hyvärinen var medlem av Ounasvaaran Hiihtoseura.

Antti Hyvärinen


Statsborgarskap Finland
Fødd 21. juni 1932
Rovaniemi
Død

13. januar 2000 (67 år)
Bad Nauheim

Idrett skihopping
Tok del i

Skihopping under Vinter-OL 1956

Aktiv endre

Hyvärinen debuterte internasjonalt under vinter-OL 1952 i Oslo. Her kom han på sjuandeplass i hopprennet, og vart dermed beste finne i tevlinga. To år seinare kom han på niandeplassen under ski-VM 1954 i Falun, der landsmennene Matti Pietikäinen og Veikko Heinonen syrgde for finsk dobbelsiger. I 1955 deltok Hyvärinen i Holmenkollrennet og vart nummer fem, landsmannen Aulis Kallakorpi sigra.

Hyvärinen og Kallakorpi gjentok under vinter-OL 1956 bragda til landsmennene som vann dobbelsiger under ski-VM 1954. Etter 81 meter i fyrste omgang slo Hyvärinen til med dagens lengste hopp, 84 m, i den andre omgangen og enda på 227 poeng, to poeng meir enn Kallakorpi og 2,5 poeng føre bronsemannen Harry Glaß frå Tyskland. Dermed vart Hyvärinen den fyrste ikkje-nordmann som vann olympisk gull i skihopping. Pa tampen av OL-sesongen 1956 vann han Homenkollrennet framom norske Arne Hoel.

Etter 1956 plasserte Hyvärinen seg lengre nede på resultatlistene. Han vart nummer seks i Holmenkollen i 1957 og kom på sjuandeplassen i 1960. I 1960 slutta han som skihoppar og arbeidde dei neste fire åra som konstruktør av skibakkar.

Hyvärinen døydde i Bad Nauheim i Tyskland.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre