Aurora Aksnes

norsk popartist

Aurora Aksnes (fødd 15. juni 1996 i Stavanger)[2] er ein norsk songar og låtskrivar frå Os[2] kjend under artistnamnet AURORA. Ho er signert til plateselskapa Decca Records, Glassnote Records og Petroleum Records.[3]

Aurora Aksnes

Fødd15. juni 1996 [1] (27 år)
FødestadStavanger kommune
FødenamnAurora Aksnes
AliasAURORA
OpphavNoreg
Aktiv2012–
Sjangeralternativ musikk, indiepop, synthpop, pop, nordisk folkemusikk, folktronica, indierock, danse-pop, alternative dance, balkanpop, mørk pop
Instrumentpiano, vokal, akustisk bassgitar, harpe, tangentinstrument, trommesett, feltopptak
PlateselskapDecca Records, Glassnote Records
Verka somsongar-låtskrivar, musikkprodusent, dansar, musikar, pianist
PrisarSpellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen for årets popsolist, Spellemannprisen for årets musikkvideo, Spellemannprisen for årets internasjonale suksess, P3-prisen

Karriere endre

 
Aurora Aksnes under Way Back When Festival i Tyskland i 2015.
 
Aurora Aksnes på Stavernfestivalen i 2018.
Foto: Tore Sætre
 
Aurora på Sentrum Scene 22. mars 2019.
Foto: Stian Schløsser Møller

Aurora vart i 2014 nominert som årets nykomar i P3 Gull.[4] Den 6. november 2015 gav ho ut singelen «Half the World Away», som er ein coverlåt av ein Oasis-song frå 1994. Singelen nådde ellevteplass på den britiske singellista. Den 11. desember 2015 framførte ho tre songar på Nobels fredspriskonsertTelenor Arena; «Murder Song (5, 4, 3, 2, 1)», «Half the World Away» og «Runaway». Under Spellemannprisen 2015 vart ho kåra til årets nykomar og fekk dimed Gramostipendet på 250 000 kroner.[5] Ho var dessutan nominert under klassa årets låt for «Running with the Wolves».[6] Songen hennar «Conqueror» var med i det populære fotball-videospelet FIFA 16.[7] I januar 2016 vart ho av Rolling Stone lista som éin av ti nye artistar ein burde kjenna til.[8]

Den 11. mars 2016 vart debutalbumet hennar, All My Demons Greeting Me as a Friend, gjeve ut. For albumet vann ho Spellemannprisen 2016 i klassa popsolist, og vann i tillegg klassa årets musikkvideo for videoen «I Went Too Far» regissert av Arni & Kinski. Albumet var dessutan nominert til årets album.[9]

Det andre studioalbumet til Aurora, Infections of a Different Kind (Step 1), vart gjeve ut den 28. september 2018 og var planlagt som del éin av ein serie. Det andre albumet i serien, A Different Kind of Human (Step 2), vart gjeve ut den 7. juni 2019.[10] Ho vart nominert til Spellemannprisen 2018 i klassa årets musikkvideo for videoen «Queendom» frå Infections of a Different Kind (Step 1), regissert av Kinga Burza.[11]

I november 2019 vart filmmusikken til animasjonsfilmen Frost 2 av Disney gjeven ut, der Aurora tok del med bakgrunnsvokal på låten «Into the Unknown».[12] Ho stod også for stemma til The Voice i filmen. Låten vert sunge av stemmeskodespelar Idina Menzel. I den norske versjonen av filmen er låten omsett til «I ukjent land» og er sunge av Lisa Stokke. Oscarakademiet kunngjorde den 20. januar 2020 at låten var nominert i kategorien Beste originalmusikk.[13] Den 23. januar 2020 vart det kjent at Aurora og Idina Menzel skulle framføra låten under den 92. Oscarutdelinga som fann stad den 9. februar 2020.[14] Etter framvisinga på prisseremonien fekk Aurora gode tilbakemeldingar frå internasjonal presse.[15][16] Under Spellemannprisen 2021 vann ho klassa for årets internasjonale suksess.[17]

I januar 2022 gav ho ut sitt tredje album, The Gods We Can Touch. Ho fekk P3-prisen under P3 Gull 2022 og fekk tre nominasjonar ved Spellemannprisen 2022 for albumet og låten «A Temporary High».[18][19]

Diskografi endre

Studioalbum endre

  • All My Demons Greeting Me as a Friend (2016)
  • Infections of a Different Kind (Step 1) (2018)
  • A Different Kind of Human (Step 2) (2019)
  • The Gods We Can Touch (2022)

EP-ar endre

  • Running with the Wolves (2015)

Singlar endre

  • «Puppet» (2012)
  • «Awakening» (2013)
  • «Under Stars» (2014)
  • «Runaway» (2015)
  • «Running with the Wolves» (2015)
  • «Murder Song (5, 4, 3, 2, 1)» (2015)
  • «Half the World Away» (2015)
  • «Conqueror» (2016)
  • «Warrior» (2016)
  • «Queendom» (2018)
  • «Forgotten Love» (2018)
  • «Animal» (2019)
  • «The Seed» (2019)
  • «The River» (2019)
  • «A Different Kind of Human» (2019)
  • «Apple Tree» (2019)
  • «Exist for Love» (2020)
  • «Cure for Me» (2021)
  • «Giving In to the Love» (2021)
  • «Heathens» (2021)
  • «A Dangerous Thing» (Petroleum Records, 2022)[20]

Kjelder endre

  1. Silje Kathrine Sviggum. «En fri fugl». Magasinet, vedlegg til Dagbladet 2019.06.29. s. 28-35. 
  2. 2,0 2,1 «Aurora Aksnes». brak.no. Henta 15. mai 2016. 
  3. Jonas Pettersen (30. september 2014). «Ville ikke gi The Beatles platekontrakt, men signerte norske Aurora (18)». Dagbladet. Henta 15. mai 2016. 
  4. Trine Aandahl, Mats Borch Bugge, Marius Asp (5. november 2014). «Dette er de nominerte til P3 gull». P3. Henta 15. mars 2016. 
  5. Ingvill Dybfest Dahl; Stein Østbø (30. januar 2016). «Spellemann 2015 – her er vinnerne». VG. Henta 15. mars 2016. 
  6. «Kan bli tidenes yngste Spellemann-vinnere». nrk.no. 5. januar 2016. Henta 8. oktober 2023. 
  7. «Musikken i FIFA 16». www.easports.com. Henta 23. mars 2016. 
  8. Suzy Exposito (25. januar 2016). «Aurora Photo - 10 New Artists You Need to Know: January 2016». Rolling Stone (på engelsk). Henta 15. mars 2016. 
  9. «Marcus og Martinus ble Årets Spellemenn». nrk.no. 28. januar 2017. Henta 8. oktober 2023. 
  10. Maruis Asp (6. juni 2019). «Plateanmeldelse: Aurora – «A Different Kind of Human (Step 2)»: Euforiske Aurora». VG. Henta 6. juni 2019. 
  11. «Spellemann-glipp – nominert artist falt ut av listen». VG. 8. februar 2019. Henta 11. februar 2019. 
  12. Johnny Olekinski (21. november 2019). «Meet singer Aurora, the secret weapon of ‘Frozen 2’». New York Post (på engelsk). Henta 24. januar 2020. 
  13. Ingvill Dybfest Dahl (13. januar 2020). «Aurora med på Oscar-nominert sang». VG. Henta 24. januar 2020. 
  14. «Aurora skal opptre på Oscar-utdelingen». Aftenposten. 24. januar 2020. Henta 24. januar 2020. 
  15. «CNN om Auroras Oscar-opptreden: – Overjordisk stemme». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 10. februar 2020. Henta 30. mars 2022. «HOLLYWOOD (Bergens Tidende): Det vart ingen Oscar til låten «Into The Unknown», der Aurora var ein av artistane. Men stemma hennar vart kalla «overjordisk» etter framvisinga.» 
  16. «Who Is Aurora? Meet the Norwegian Pop Star Singing With Idina Menzel at the 2020 Oscars». PopCrush (på engelsk). 9. februar 2020. Henta 30. mars 2022. 
  17. «Disse fekk Spellemannprisar for 2021». nrk.no. 22. april 2022. Henta 22. april 2022. 
  18. «Alt om P3 Gull 2022». p3.no. 26. november 2022. Henta 27. november 2022. 
  19. «Karpe nominert til syv Spellemenn – med nykommerne Undergrunn hakk i hæl». dagsavisen.no. 3. mars 2023. Henta 18. mars 2023. 
  20. «A Dangerous Thing». YouTube (på norsk bokmål). Henta 8. januar 2022. «℗ 2021 Petroleum Records / / Released on: 2022-01-07» 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Aurora Aksnes