Avosett
Avosett (Recurvirostra avosetta) er ein vadefugl i avosettfamilien.
Avosett | |
Avosett | |
Læte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Avosett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Avosettfamilien Recurvirostridae |
Slekt: | Avosettar Recurvirostra |
Art: | Avosett R. avosetta |
Vitskapleg namn | |
Recurvirostra avosetta |
Avosetten er omtrent 43 cm lang og har eit vingespenn på mellom 77 og 80 cm. Han har eit langt og tydeleg oppoverbøygd nebb. Fjørdrakta er for det meste kvit, med svarte område. Begge kjønn har same fargar. Unge fuglar har ei meir gråleg fjørdrakt. Beina er lange og blåaktige.
Utbreiing
endreFuglane hekkar i tempererte delar av Europa og Vest- og Sentral-Asia. Dei fleste trekker til Afrika eller sørlege Asia om vinteren, men dei kan også overvintra i milde delar av hekkeområda, som sørlege Spania og sørlege England.
I Noreg har avosetten hekka på Jæren, der han særleg har vore ved Orrevatnet. Han kjem til reirplassen her i slutten av mars, medan egglegginga skjer i mai. Talet på avosettar i Noreg er likevel svært lite, og dei blir ikkje rekna som å ha ein etablert bestand i landet.
Reiret vert lagt opent til. Avosetten kan danna koloniar med meir enn 100 par.
Avosett i Storbritannia
endreAvosett blei utrydda i Storbritannia i 1840. Etter at han gjenetablerte seg ved fuglereservatet Minsmere i Suffolk i 1947 blei fuglen del av logoen til fuglevernorganisasjonen Royal Society for the Protection of Birds (RSPB). Fuglen blei også avbilda på eit britisk frimerke i 2007.
Kjelder
endre- Søk i Rødlistedatabasen Arkivert 2010-07-23 ved Wayback Machine.
- Smith, Lewis, «New stamps will celebrate the revival of birds that came back from the dead». The Sunday Times, 3. september 2007.
- Denne artikkelen bygger på «Pied Avocet» frå Wikipedia på engelsk, den 21. august 2010.