Båstads kommun
Båstad kommune ligg helt nordvest i det svenske länet Skåne län i landskapa Skåne og Halland. Kommunen har grensar til nabokommunane Ängelholm i Skåne län og Laholm i Hallands län. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Båstad.
Båstads kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Skåne län | ||
Landskap | Skåne, Halland | ||
Del av | Q61442722, Q61442740, Skåne, Halland | ||
Areal | 210,4 km² | ||
• land | 209,79 km² | ||
• vatn | 0,61 km² | ||
Folketal | 14 288 | ||
Båstads kommun 56°25′00″N 12°52′00″E / 56.416666666667°N 12.866666666667°E | |||
Kart som viser Båstads kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Båstad Municipality |
Geografi
endreKommunen omfattar mesteparten av Bjärehalvøya, som ligg mot Kattegat sør for Laholmsbukten og nord for Skälderviken. Høgdedraget Hallandsås strekkjer seg austover på halvøya frå Hovs Hallar, og har tradisjonelt vore rekna som grensa mellom landskapa Halland og Skåne. Det er mange fine sandstrender langs kysten, og sommarturisme er ei viktig næring i kommunen. Heilt i vest ligg øya Hallands Väderö som har status som naturreservat.
E6/E20 går gjennom kommunen. Båstad er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Västkustbanan.
Tettstader
endreBåstad kommune har seks tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1 | Båstad | 4 793 |
2 | Förslöv | 1 998 |
3 | Torekov | 888 |
4 | Grevie | 769 |
5 | Östra Karup | 563 |
6 | Västra Karup | 556 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Båstad kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2012.
Bakgrunnsstoff
endre