Båtdraging

Nybygde båtar vert transportert til sjøen

Båtdraging er ei nemning som har vorte brukt ved transport av trebåtar, vanlegast når nybygde båtar har vorte transportert til havet. Båtdraging er eit hardt arbeid som stundom krev mange medhjelparar, og er ei form for dugnadsarbeid. Aktiviteten vert og kalla berre båttransport.

Båtdraging på Bjørkedalen i 1903. Mange mann dreg dekksbåt over Vassendbrua. Foto: Johan H. Nerbøvik

Frå langt tilbake har klinkbygde båtar vorte bygde i båtskot svært langt frå sjøen. Frå Berdal i Nordalen i Åfjord er det til dømes ein transportveg på 1½ mil. Og frå andre byggestadar av ÅfjordbåtarFosen, var sjøvegen lang, strabasiøs og til dels farleg. Stundom måtte båten fraktast opp og ned bratte kneikar, i tillegg til at det kunne ligge vatn på transportruta som måtte forserast. Dei vanskelegaste dragarvegane kunne berre brukast på sommartida.

I Bjørkedalen i VoldaSunnmøre har det òg vorte bygd båtar langt frå fjorden. Der måtte båtane ὸg fraktast over vatn og bratte skråningar. Før det kom køyrande veg var det montert faste lunnar som båtane vart dregne på. Når båtane skulle leverast om vinteren kunne meinis på vatna skape vanskar. Båtar som seksringar og åttringar på 12–15 meter vart transporterte på denne måten. Båtbyggjarane fann det meir tenleg enn å frakte materialar til sjøen og bygge der.

I 1876, då vegen til Bjørkedalen var køyrande vart det bygd ei spesialkonstruert båtvogn til frakt av litt større båtar. Ho har vorte brukt i seinare båtbyggarperiodar.

Ved sjøsetting av vikingskipkopiar i seinare tid har mykje folk samla seg til båtdraging. Sjølv om dei òg delvis har vorte frakta på Bjørkedalsvatnet, har tyngre biltransport vorte nytta.

Galleri endre

Kjelder endre

  • Asbjørn Klepp, Nordlandsbåter og båter fra Trøndelag, Norske båtar bind IV,side 61, Grøndahl & søn AS, 1983.
  • Jakob Helset (2019). «Båtdraging». I Frode Sætre. Båtbygging på Bjørkedalen, Artikkelsamling. Volda: Bjørkedal kystlag. s. 168-175. ISBN 978-82-303-4166-7.