Backwater Blues
Singel av Bessie Smith & Jimmy Johnson
[[Fil:{{{omslag}}}BessieSmith-BackwaterBlues.jpg|235px| ]]
B-side

«Preachin' the Blues»

Innspelt 17. februar 1927, New York, NY
Sjanger Blues
Lengd 3:19
Selskap Columbia
Låtskrivar(ar) Bessie Smith

«Backwater Blues» er ein blues- og jazz-standard skriven av Bessie Smith, og spelt inn av med ho på vokal og James P. Johnson på piano den 17. februar 1927.[1][2]

Songen har lenge vore assosiert med den store Mississippi-flaumen i 1927, men flaumen var på sitt verste kring to månader etter songen var skriven. Ut i frå reiseplanen og vitne som reiste med ho, skal songen ha vore skriven etter ein flaum som råka Nashville i Tennessee juledagen 1926. Cumberland River, som renn gjennom byen, steig 56 fot over det normale nivået sitt som i 2014 framleis var rekord.[3]

Teksten nyttar bluesformatet AAB og har opp gjennom åra variert frå artist til artist. Songen opnar med:

«

When it rains five days, and the skies turn dark as night (x2)
There's trouble taking place in the lowland that night.

»

Andre innspelingar endre

Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar. Kjende innspelingar er mellom andre:

Andre songar endre

Dei følgjande songane har anna tekst og musikk, trass i liknande titlar:

Kjelder endre

  1. «Bessie Smith». redhotjazz.com. Arkivert frå originalen 21. november 2017. Henta 16. desember 2014. 
  2. «COLUMBIA (USA) 14000D series Numerical Listing». 78discography.com. 
  3. Evans, David (2007). «Bessie Smith's 'Back-Water Blues': the story behind the song» (PDF). Popular Music (Cambridge University Press) 26 (1): 97–116. doi:10.1017/s0261143007001158. Henta 16. desember 2014.