Bayonne

(Omdirigert frå Baiona)

Bayonne (oksitansk og baskisk Baiona) er ein by og kommune sørvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Pyrénées-Atlantiques i regionen Nouvelle-Aquitaine og har om lag 45 000 innbyggjarar. Byen ligg der elvane Nive og Adour renn i hop.

Bayonne
Horisonten til Bayonne
Horisonten til Bayonne
Byvåpenet til Bayonne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Nouvelle-Aquitaine
Pyrénées-Atlantiques
Geografi
Flatevidd 21,68 km²
Flatevidd
 - By

21,68 km²
Innbyggjarar
 - By (2004)
   - folketettleik
 - Storbyområde

44 300
  2 043/km²
178 965 (1999)
Koordinatar 43°29′N 01°28′W / 43.483°N 1.467°W / 43.483; -1.467
Høgd over havet 4 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 64100
Heimeside: www.ville-bayonne.fr

I lag med Anglet, Biarritz, Saint-Jean-de-Luz og fleire småkommunar, dannar Bayonne eit storbyområde på 178 965 innbyggjarar.

Bayonne er den største byen i Labourd i den franske delen av Baskarland.

Historie endre

200-talet låg det eit romersk castrum her kalla Lapurdum. Det var ein militærstad, men ikkje ei hamn. I 840 kom det vikingar til Lapurdum. I 842 starta dei eit åtak innover i landet frå området utanfor byen. Lapurdum var ein oppidum og dei trengde ei hamn. Bayonne (frå det baskiske ordet «bai» som tyder «elv») vart ein viktig stad på ruta mellom elvane Adour og Ebro, som fungerte som eit ledd mellom Atlanterhavet og Middelhavet. Denne kommersielle ruta var målet til dei danske inntrengjarane i Frankrike. Med denne ruta kunne dei lett nå Tortosa, som var den største kjøpstaden i Europa som handla med slavar.

1100-talet hadde byen vorte ein viktig hamneby med ei blanding av baskisk og gaskognsk folkesetnad. Som ein del av Aquitaine vart byen styrt av England mellom 1151 og 1452 og var eit viktig kommersielt senter i den sørlege enden av det engelske kongeriket.

Byen vart noko mindre viktig då den franske kongen Karl VII tok byen mot slutten av Hundreårskrigen og då Adour like etter endra elveleiet slik at Bayonne ikkje lenger hadde tilgang til sjøen. Franskmennene skjønte derimot at Bayonne var ein strategisk viktig by nær den spanske grensa og i 1578 grov dei ein kanal for å få elva gjennom byen igjen.

Bayonne stod imot fleire omleiringar frå Plantagenet fram til slutten av Det første riket i 1814. På 1600-talet bygde Vauban festningsverk i og rundt byen. Desse viste seg å verte viktige i 1813 og 1814 då Wellington sin hær omleira byen under Napoleonkrigane. Han klarte berre å ta byen ved å bruke ei samanhengande rekkje av skip på tvers av Adour for å plassere artilleri rundt byen.

 
Bayonne

Bayonne si plassering nær grensa, i tillegg til at han låg i Baskarland, som dekkjer både Frankrike og Spania, gav han ein stor fordel kommersielt sett. Baskiske seglarar reiste verda rundt og tok med seg tilbake varer som kanel, rikdom frå sjørøveri og handel med kval og torsk. Det utvikla seg ein våpenfabrikk i byen, som gav verda bajonetten. Jødiske flyktningar frå Den spanske inkvisisjonen førte frå 1560 med seg nye handelsvarer, hovudsakleg sjokolade, som framleis er viktig i Bayonne. Spanske baskarar søkte òg tilflukt i Bayonne på 1900-talet under Francisco Franco si undertrykking, og Petit Bayonne er framleis eit senter for baskisk nasjonalisme

På midten av 1800-talet hadde Bayonne vorte mindre viktig på grunn av sentralisering av makt til Paris og Pau, som var hovudstad i departementet etter 1790. Jernbanesamband med Paris frå 1854 og ein veksande turisme nær Biarritz førte derimot til industrialisering og utvikling.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bayonne