Balázs Kiss (fødd 21. mars 1972) er ein ungarsk tidlegare friidrettsutøvar frå Veszprém som tevla i sleggjekast. Han vart olympisk meister i sleggekast i 1996, med eit lengstekast på 81,24 m slo han Lance Deal frå USA med tolv centimeter. Kiss vart ungarsk meister i sleggekast i 1995, 1998 og 2000, i kamp mot internasjonale toppkastarar som Tibor Gécsek, Adrián Annus og Zsolt Németh. Hans personlege rekord er på 83,00 meter, oppnådd i eit stemne i Paris i juni 1998.

Balázs Kiss
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 21. mars 1972 (52 år)
Veszprém
Idrett friidrett
Tok del i Sommar-OL 1996

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

endre

Kiss la opp i 2004.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre