Tibor Gécsek (fødd 22. september 1964) er ein ungarsk, tidlegare friidrettsutøvar frå Szentgotthárd, som tevla i sleggjekast. Han vart europameister i øvinga i 1998 på heimebana Nepstadion i Budapest. Saman med landsmannen Balázs Kiss sikra han dobbeltsiger for Ungarn. Hans personlege rekord på 83,68 meter oppnådde han i Zalaegerszeg nokre veker etter han vart europameister. Gécsek er etnisk slovenar.

Tibor Gécsek
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 22. september 1964 (59 år)
Szentgotthárd
Yrke sleggekaster
Høgd 185 centimeter

Doping endre

Gécsek vart i august 1995 utestengt frå konkurranseidrett etter å ha testa positivt på anabole steroidar.[1] Etter to års utestengjing byrja han å tevle att i september 1997.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Gécsek vart i 1998 kåra til «Årets mannlege idrettsutøvar» i Ungarn.

Notar endre

Bakgrunnsstoff endre

  • (en) Tibor Gécsek – Profil på nettsida til IAAF
  • (en) Tibor Gécsek – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder endre